Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Å gjere seg synleg på nettetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å gjere seg synleg på nettet

– Vi menneske er sosiale individ som har lært å oppføre oss forskjellig alt etter kven vi er saman med, og kva for situasjon vi er i. Men kva side av oss sjølve skal vi vise når vi opptrer i sosiale medium? spør Anders Fagerjord.

Anders Fagerjord er førsteamanuensis ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Han forskar på nye uttrykksformer på nett og mobil.

Å gjere seg synleg på nettet

I det verkelege livet er det eit spekter av inntrykk som definerer kven du er. Når andre ser deg på nettet, eksisterer du berre i tråd med det du legg ut av informasjon. Det kan samanliknast med å vere i eit mørkt rom saman med andre menneske. Du legg merke til dei andre i rommet først når eller dersom dei snakkar. På same måten må du gjere noko for å vere synleg i eit nettsamfunn. Du må lage lyd for at dei andre skal merke at du er der. Og det må du også gjere jamt og trutt, for fyller du ikkje på med stadige statusoppdateringar eller blogginnlegg, blir du raskt usynleg og gløymd.

Som sagt oppfører ein seg på ulike måtar overfor bestemor og kjærasten. Men på sosiale medium kan både bestemor og kjærasten vere vennene dine. Då kan begge sjå dei same sidene av deg. Det gjer det vanskelegare å tilpasse dei ulike sidene av oss sjølve i slike samanhengar.

Historisk sett er det få kommunikasjonsarenaer som ikkje har vore situasjonsbestemte. Men ungdom i dag fortel meir om seg sjølve i dei sosiale media enn det tidlegare generasjonar gjorde i andre kommunikasjonssituasjonar. Samtidig er dagens ungdom tydeleg på at det er enkelte ting dei aldri vil leggje ut i sosiale medium eller nettsamfunn. Forsking ved IMK og studiar som er gjorde ved SINTEF, viser nettopp at ungdom har eit svært reflektert forhold til dette. Dei lærer seg tidleg å balansere det personlege og det private.

Å redefinere kven ein er

Personar som har vore igjennom personlege kriser som sjukdom, arbeidsløyse eller skilsmisse, har hatt gode erfaringar med å skrive blogg. Dei bruker blogging til å påverke sjølvbiletet sitt og kanskje redefinere kven dei er. Det er dessutan mogleg å bruke nettet til å prøve ut ulike sider ved seg sjølv, fordi ein kan vere anonym. Her kan ein skjule kjønn, handikap og seksualitet. Eit døme på dette er ein mann som publiserte sjølvskrivne dikt på Internett. Det ingen visste, var at han hadde Downs syndrom. Truleg ville mange ha opplevd dikta annleis dersom dei hadde visst kven som hadde skrive dei.

Livet som ei scene

Sosiologen Erving Goffman er kjend for rolleteorien sin der han bruker omgrep frå teaterverda for å syne korleis vi set i scene våre eigne liv. Tenk deg at livet er eit teater. Og i dette teateret opptrer vi i ulike roller, som Goffman kallar «frontstage» og «backstage». Den rolla du har i klasserommet, er «frontstage». Her utfører du rolla di slik det blir venta av deg som elev og klassekamerat. «Backstage» er der du er deg sjølv, for eksempel heime saman med familien og nære vener. I dag gjer media det mogleg å gå inn i ei mellomrolle, ei halvprivat framsyning.

Facebook er eit godt eksempel på dette. Her kan du framstille privatlivet (backstage) for alle der ute, og på same tid framstå i ei rolle som er tilpassa alle som ser det du legg ut (frontstage). Eit anna eksempel er i realityprogram på TV. Her blir deltakarane filma i private situasjonar (backstage), men dei tilpassar seg det faktum at programmet skal bli vist offentleg (frontstage).

Til fordjuping

Synnøve Eide har skrive ei masteroppgåve om det å regissere identiteten sin med blogging og Facebook som scene: Maskeradeball eller maskefall?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale