Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Vurder innhaldet i ei kvensk avisChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Vurder innhaldet i ei kvensk avis

Ruijan Kaiku er ei fri og uavhengig nyheitsavis for kvenar, norskfinnar og finlendarar i Noreg. Avisa er den einaste norske avisa som prioriterer kvensk og finsk stoff.

Utsnitt av forsida til den kvenske avisa Ruijan Kaiku. Faksimile.
Utsnitt av framsida til den kvenske avisa Ruijan Kaiku 18. november 2011.

Bla gjennom utgåva av avisa Ruijan Kaiku frå 2011. Bruk denne lenka for å sjå publikasjonen i full storleik: Rujan Kaiku 2011

  1. Kva for språk er avisa skriven på?
  2. Kvifor trur du det er slik? Tenk deg grundig om før du svarer.
  3. Studer dei bileta som er brukte i avisa. Kva inntrykk sit du att med av personar med kvensk opphav etter å ha sett desse bileta?
  4. Søk på ordet "kven" i Store norske leksikon på nett. Samanlikn dei bileta du finn her med bileta i avisa. Kva går forskjellen ut på?
  5. Lag ei liste over hovudoppslaga i denne utgåva av Ruijan Kaiku frå 2011. Kor mange av desse sakene trur du blei dekte i norske aviser? Grunngi svaret.
  6. Kva betydning trur du aviser som Ruijan Kaiku har for minoritetar i det norske samfunnet?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale