Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Mediebruk og påverknadChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediebruk og påverknad

Dei fleste bruker mykje tid på medium kvar einaste dag, og forbruket av medieinnhald aukar. Kva gjer straumen av inntrykk og bodskapar med oss, på godt og vondt?

Mann rygger bakover når lys strømmer ut fra nettbrettet. Foto.

Vi bruker stadig meir tid på medium. Forbruket vårt av innhald på Internett og sosiale medium aukar mest. Unge er pålogga nettet meir enn fire timar kvar dag viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå i 2017. Dei fleste av oss klarer godt å navigere i denne straumen av informasjon, men ganske få er klar over kva mediebruken gjer med oss på godt og vondt.

Vi reagerer ulikt på mediepåverknad. Forsking viser at korleis du oppfattar det som blir sagt eller skrive, vil vere avhengig av kven du er, kva slags bakgrunn og kva for erfaringar du har, og kva du sjølv meiner om saka frå før.

Effektar av medievald

Eitt av temaa som har skapt mest debatt og ført til mykje forsking, er om media bidreg til vald i samfunnet. Her har valdelege dataspel vorte heftig diskutert. Spør du ungdom, svarer åtte av ti at innhald i dataspel påverkar dei, viser tal frå Medietilsynet i 2015.

Påverknaden treng ikkje vere negativ. Spel der ein må hjelpe kvarandre, kan for eksempel gi ein positiv effekt på kort sikt, viser rapporten frå Medietilsynet.

Tenkjepause

  • Trur du dataspelarar flest blir påverka av valdsspel?
  • Kva kan i tilfelle slik påverknad føre til?
  • Blir du påverka når du spelar dataspel?

Forskinga sprikjer

Forskarar er ueinige om i kva grad valdelege dataspel bidreg til meir vald. Nokre studium viser at valdelege spel kan ha ein effekt på aggressive tankar og framferd, spesielt kortsiktig. Andre studium viser ingen samanheng.

Då spelet Grand Theft Auto III skulle lanserast i Noreg i 2002, ville både statsråden og Forbrukarrådet forby spelet.

Utgangspunktet deira var at spelet var valdeleg og ville kunne påverke brukarane negativt. I dag er spelserien eitt av verdas mest populære spel. Spelet har 18-års aldersgrense i Noreg, med ei oppfordring til foreldre om å overhalde aldersgrensa.

Gran Theft Auto V lansering på husvegger. Foto.
Påverkar dataspel brukarane negativt? Grand Theft Auto er eitt av spela som har vekt debatt og bekymring.

Ingen forskarar kan fastslå at valdsspel har gjort ungdom meir valdelege. Dei som utviklar slike spel, kan heller ikkje nekte for at nokre av brukarane deira har tatt til seg aggressive åtferdsmønster. I ein del rettsaker har det komme fram at dei som utøver vald, har vorte inspirerte av valdelege dataspel og brukt skytespel som trening før drapa vart utførte.

Dei fleste forskarar er i dag einige om at det å bli utsett for mykje vald i media, ikkje utgjer nokon fare for dei fleste av oss. Det å ty til vald bryt med så mange av verdiane og haldningane våre at det skal mykje til før vi utfører slike handlingar. Dessutan vil dei fleste av oss bli stoppa av andre før vi gjer noko dumt.

Utilsikta mediepåverknad

Mediepåverknaden som skjer utan at nokon medvite har planlagt han, er den påverknaden det er mest av. Forskarane som er opptekne av denne typen påverknad, jobbar med kultivasjonsteori.

Einsidig nyheitsdekning av ei sak kan sjåast på som utilsikta mediepåverknad. Pressa set dagsordenen og styrer kva vi får vite noko om, og kva vi ikkje får vite. Vinklinga på stoffet har også mykje å seie for korleis vi tek imot bodskapen.

Case

Når mange journalistar samtidig lagar nyheitssaker ut frå same forståing av verkelegheita, kan det skje ein utilsikta påverknad frå media.Viss media for eksempel stort sett omtaler minoritetar i samband med kriminalitet, er det med på å forme og underbyggje negative haldninger til desse minoritetane i befolkninga.

Her er tre tidlegare nyheitssaker i norske aviser.

Korleis kan desse sakene påverke synet vårt på minoritetar i samfunnet?

Somaliere mer kriminelle

Politiet tar selvkritikk etter tweet om «somaliere»

– Griller hunder og bæsjer i buskene

Abubakar Hussain har laga eit ironisk innslag om minoritetsgrupper si stilling i det norske samfunnet. Sjå episoden frå nettserien «Tabu med Abu» på NRK her: Tabu med Abu

Media påverkar ikkje aleine

Vi kan konkludere med at det er vanskeleg å påvise mediepåverknad, og at forskarar er ueinige om kva innverknad media eigentleg har. Ein av grunnane er at media opptrer i samspel med andre tilhøve i samfunnet som påverkar oss. Eit valdeleg dataspel kan spegle eit samfunn prega av maktmisbruk, der det er akseptert å bruke vald mot andre. På same måten kan ein pornofilm spegle samfunnet sine haldningar til kvinner og sex som forbruksvare.

Vener, familie, skule og andre sosiale nettverk har innverknad på korleis vi oppfattar ting og korleis vi oppfører oss. I tillegg er mediekompetanse, livssituasjon og modenskap faktorar som styrer i kor stor grad vi lèt oss påverke. Alle menneske «siler» det dei ser og høyrer i lys av dei erfaringane dei har frå før. Dessutan vel vi gjerne mediebodskap som passar med det vi sjølve allereie meiner. På denne måten bruker vi media til å få bekrefta eigne haldningar og handlingar.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale