Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Når media sosialisererChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Når media sosialiserer

Forskarar har i årevis vore opptekne av måten vi blir sosialiserte på gjennom media. Dei har likevel ikkje klart å komme fram til noko eintydig svar på korleis media påverkar oss.

Jente med Facebooklogo i øyet. Foto.

Du har kanskje høyrt eller lese denne påstanden: Ungdommar er psykisk ustabile vrak med dårleg sjølvtillit, eit forstyrra kroppsbilete, eit seksualisert sjølvbilete, og alt er media si skuld.

Heldigvis er det ikkje så ille!

Men det er lett å få eit slikt inntrykk når ein les om ungdom og medium i media. I samfunnet vårt er media noko vi bruker mykje tid på og er veldig opptekne av. Vi scrollar nedover feeden på sosiale medium, ser bilete, videoar, meiningar og påstandar, og formar synet vårt på verda basert på det vi ser.

Det fører ikkje berre med seg at vi får meir kunnskap, det gjer også noko med korleis vi tenkjer at vi skal vere som menneske – korleis vi skal sjå ut, korleis vi skal gå kledd, og korleis vi skal oppføre oss overfor andre.

Media skaper uheldige stereotypiar

Media har fått mykje kritikk for stereotype framstillingar. Med stereotyp framstilling meiner vi eit forenkla bilete av eit individ eller ei gruppe menneske som har nokre felles kjenneteikn. Kritikarane meiner altså at menneska vi møter i media, framstår som karikaturar. På den måten bidreg media til å gi folk eit skeivt bilete av kulturar, menneske og grupper av menneske.

Mann som flekser muskler. Foto.
Er det slik dei fleste menn i Noreg ser ut? Eller et det eit bilete som gir oss dårleg sjølvbilete og stimulerer til usunn kroppsfiksering?

Filmar, reklame og TV-seriar får kritikk for å berre fokusere på veltrena og pene menneske. Pornoen har fått kritikk for å framstille både gutar og jenter som alltid kåte og alltid villige. Journalistikk og enkelte krim-seriar har fått kritikk for å framstille mørkhuda, og då særleg muslimar, som skurkar og terroristar. Til saman gir dette grunnlag for å snakke om ei stereotypifisering.

I nyheitsjournalistikken er det gjerne visse eigenskapar som gjer ei kjelde interessant, og derfor får vi fort stereotypiar som politikar, kriminell og kjendis. Kjeldene blir ikkje framstilte som menneske med ulike sider og eigenskapar. Også i fiksjonsforteljingar som eventyr, underhaldningsfilm og TV-seriar er det gjerne nytta stereotype karakterar fordi dei gjer historia lettare å fortelje.

Det er ikkje berre personar som kan stereotypifiserast. Mellommenneskelege forhold, som ein romantisk relasjon, ein sjef–tilsett-relasjon eller ein brukar–saksbehandlar-relasjon, kan ofte bli forenkla når relasjonen blir framstilt i media.

Naken kvinne mellom lakener. Foto.
Kva for stereotypiar blir underbygde når kvinner blir framstilte på denne måten?

Eller er det så ille?

Det er lett å få inntrykk av at stereotypifisering påverkar oss menneske på ein veldig negativ måte. Men mykje talar for at det ikkje er så ille.

  • Media er langt frå det einaste vi får informasjon frå, og vi formar ikkje synet vårt på verda berre gjennom media.
  • Mediebrukarane er ikkje ukritiske, og det er ikkje slik at vi berre «tek inn» eller trur på alt vi ser.
  • Normene og verdiane dine endrar seg ikkje berre fordi du ser noko i media.

Den negative påverknadskrafta media har, får veldig mykje merksemd, og det er lett å gløyme at måten vi vert sosialiserte på gjennom media, også kan vere positivt. Vi lærer for eksempel andre språk og om andre kulturar, og om korleis det er forventa at vi skal oppføre oss i ulike situasjonar.

Ulike menneske tolkar ulikt

Forskarar har i årevis vore opptekne av måten vi vert sosialiserte på gjennom media, men har likevel ikkje klart å komme fram til noko eintydig svar. For det er ikkje lett å slå fast om, og på kva for måte, media formar oss menneske.

Folk vil tolke mediebodskap forskjellig og dermed verte påveka ulikt. Korleis du oppfattar det som vert sagt eller skrive, vil vere avhengig av kven du er, kva slags bakgrunn og erfaringar du har, og kva du meiner om saka frå før. Dei fleste vil tolke det dei ser og høyrer på ein måte som fell saman med dei interessene og haldningane dei allereie har.

Slik vil ein kampanje mot røyking få ikkje-røykarar til å bli endå sterkare i trua på at det er skadeleg å røykje, mens røykarar kanskje vil oppfatte kampanjen som ei stadfesting på at staten vil styre privatlivet deira. «Tvilarane» vil ein ha større hell med. Røykarar som allereie hadde tenkt på å slutte, vil kan hende verte påverka til å ta affære. Dermed ser vi at slike kampanjar likevel kan ha ein effekt.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale