Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Mediebruk synleggjer og formar identiteten vårChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediebruk synleggjer og formar identiteten vår

Unge menneske er hyppige brukarar av medium, spesielt sosiale medium. Det vi bruker mykje tid på, er med på å forme oss som menneske. På linje med familie, vener og skule er derfor media ein viktig sosialiseringsfaktor.

To unge kvinner med mobiltelefoner bak et vindu. Foto.

Identitet og mediebruk

Identiteten vår har noko å seie for kva for medium vi bruker. Men vi ser også at mediebruken kan vere med på å forme identiteten vår.

Er du spesielt interessert i dataspel eller fotball? Då bruker du truleg mykje tid på å spele online saman med venene dine, eller på å sjå fotballkampar på TV og kommentere kampen i kommentarspalter på nettet. Samtidig signaliserer du til andre ein identitet som «gamer» eller «supporter».

Er du meir oppteken av mote enn venene dine? Har du litt betre stil? Ja, då bruker du kanskje meir tid enn andre på blad, bilete og bloggar som handlar om mote. Blada, bileta og bloggane bidreg til å utvikle og forsterke interessa di for mote, altså identiteten din som moteinteressert. Derfor kan vi seie at dei media du bruker, er med på forme identiteten din.

Posering i sosiale medium

I ei undersøking om unge jenter sin bruk av Instagram fann medievitar Ingrid Aarseth Johannessen ut at sosiale medium blir nytta medvite for å framstille seg sjølv ulikt til ulike målgrupper.

Ho snakka med 15 jenter i 14–15-årsalderen og oppdaga at mange hadde to Instagram-kontoar, ein open og ein privat. På den opne kontoen var jentene opptekne av å formidle eit bilete av seg sjølve som «pene», altså i tråd med samfunnet sine skjønnheitsideal. På den private kontoen derimot publiserte dei «morosame og [...] ‘stygge’ bilete og brydde seg lite om sminke og skjønnheit». På den private kontoen leikar jentene i større grad med det tradisjonelle kvinnebiletet.

Det ordentlige jeg og det morsomme jeg: Unge jenter på Instagram

– Eg er ikkje dum, eg berre ser sånn ut

Bloggaren Sophie Elise sa dette til nettstaden Klikk.no i 2015. Problemet var at mange oppfatta at identiteten hennar som «babe» og identiteten hennar som samfunnsengasjert person stod i motsetnad til kvarandre.

– Jeg er ikke dum, jeg bare ser sånn ut

Bloggeren Sophie Elise poserer foran rosa bakgrunn. Foto.

Sophie Elise Isachsen vart oppfatta som om ho sende tvitydige signal om kven ho var. Men som både ho og Instagram-jentene er eit eksempel på, er det fullt mogleg for oss menneske å ha ein samansett identitet, med trekk som for andre verkar som motsetnader.

Det meste er ikkje medvite identitetsformidling

Vi må hugse at veldig mykje av mediebruken vår ikkje skuldast ei konkret interesse eller ein hobby. Og at alt vi deler om oss sjølve i sosiale medium, ikkje alltid er eit forsøk på å kommunisere noko bestemt om oss sjølve.

Det er jo ikkje berre «nyheitsjunkie» som ser på nyheiter, berre «hard core-gamerar» som spelar dataspel, «film geeks» som ser på film, og så vidare. Veldig mange av bileta, lenkene og utsegnene vi etterlèt oss i sosiale medium handlar om innfall der og då, og ikkje gjennomtenkt identitetsformidling. Men ser vi på det vi postar samla sett, vil det truleg kunne seie noko om kven vi er som personar.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale