Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Korleis vil du andre skal oppfatte deg?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Korleis vil du andre skal oppfatte deg?

Korleis ønskjer du at andre skal oppfatte deg? Kva for signal sender du for å «hjelpe» folk med å oppfatte deg slik du ønskjer? Er du medviten om korleis du framstiller deg sjølv i den fysiske verda? I sosiale medium?

Rødhåret gutt og jente som ser til hver sin side.Foto.

Vi opptrer sjeldan på same måten i alle situasjonar:

  • Til den du er forelska i, viser du fram andre sider av deg sjølv enn til bestevenen din.
  • Til foreldre og lærarar skal du kanskje vise at du er flink og pliktoppfyllande.
  • På fest saman med venene dine skal du kanskje vise at du gir litt faen og gjer som du vil.
  • Vi kan nytte media til å vise fram «ulike versjonar» av oss sjølve til ulike personar og i ulike samanhengar.
  • Har du to Instagram-kontoar? Sender du ulike typar selfies til ulike typar folk?

Eigenrefleksjon

  • Korleis vil du andre skal oppfatte deg?
  • Kva gjer du for å lykkast med det?
  • Har det hendt du er vorten oppfatta annleis enn venta? Utdjup og forklar dersom det er tilfelle.
  • Er det forskjell på i den fysiske verda og i sosiale medium?


Diskuter påstanden i klassen

Diskuter tre og tre eller heile klassen samla.

  • Dersom du er både pliktoppfyllande og opprørsk, eller både pen og velkledd og rufsen og likegyldig, er du ikkje då ein løgnar? Har du då ein identitet som er falsk?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale