Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. IdentitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Identitet

Identitet handlar om kven ein er som enkeltindivid, og om korleis ein opplever å høyre til ei gruppe. Både i den fysiske verda og på sosiale medium sender vi ut medvitne og umedvitne signal om kven vi er, og det bidreg til korleis andre oppfattar oss.

Når vi her snakkar om identitet, meiner vi individ og grupper sin definisjon av seg sjølv. Identitet er altså både noko som kjenneteiknar deg, den du er, og noko som kjenneteiknar dei gruppene du er ein del av, dei de er.

Utvikling og val

Du har utvikla identiteten din sidan du som toåring oppdaga at du var eit sjølvstendig individ – ein annan enn mamma og pappa, og du vil fortsetje å utvikle identiteten din resten av livet.

For få år sidan bytte du ut identiteten som barn med ein ungdomsidentitet, og snart skal du utvikle identitet som student og arbeidstakar.

Nokon har identitet som «klovnen i klassen», andre som «den stille sjenerte». Identiteten din kan vere noko du sjølv har teke initiativ til og arbeidd for å få, eller det kan vere noko du litt ufrivillig har teke til deg etter press frå andre.

I ungdomstida kan oppfatninga svinge ein del mellom kven du er, og kven du vil vere. Det er den perioden du går frå å vere barn til å bli vaksen. Det er vanleg å eksperimentere med ulike identitetar for å finne ut kven ein eigentleg er eller ønskjer å vere. Å vanke i ulike miljø, prøve ut ulike hobbyar, eller utforske kjærleikslivet kan vere ulike måtar å finne ut av dette på.

Du tar heile tida val som har med identiteten din å gjere. Ein som definerer seg sjølv om politisk engasjert, vil for eksempel gå på eit politisk seminar som andre synest verkar keisamt. Og ein som definerer seg sjølv som avhaldsperson, vil takke nei når andre finn fram alkoholen.

I nokre tilfelle blir identitet utvikla over lang tid, andre gonger finn ein plutseleg ut at ein identitet ikkje passar, og begynner å utvikle ein ny. Det kan for eksempel vere ein rusmisbrukar som ønskjer å bli rusfri og prøver å kvitte seg med alt som høyrde til den gamle livsstilen, inkludert identiteten som rusmisbrukar.

Kjønn

Ofte kan det opplevast som vanskeleg å vite kven ein vil vere, særleg dersom ein kjenner seg som noko anna enn gut eller jente, eller lurer på om ein er noko anna enn heterofil.

Jeg syns noen gutter er kjekke. Er jeg homofil?

For dei fleste er kjønnsidentitet konstant, sjølv om vi kanskje legg andre ting i identitetar som «mann» eller «kvinne» etter kvart som vi blir eldre. Men for nokre få er kjønnsidentitet meir problematisk, og ein har kanskje levd barneåra som jente, men utviklar ein identitet som mann seinare.

Tilhøyrsle til kultur

Identitet er ikkje noko ein er fødd med og ber med seg resten av livet. Men det er heller ikkje noko ein byter kvar dag. Nokre gonger kjem identitet tidleg og varer livet ut. Er du for eksempel fødd i Noreg og bur i Noreg heile livet, vil du sjå på deg sjølv som nordmann heile livet også. Men dei som kjem til Noreg frå eit anna land, eller har foreldre med ein annan kulturell bakgrunn, kan oppleve ein identitetskonflikt. Ein del av deg er jo norsk, men samtidig har du også djupe røter i det samfunnet du eller foreldra dine vart fødde i.

Det same kan også seiast om sosial klasse. Har du vakse opp i ein typisk middelklasseheim der foreldra dine har høg utdanning, vil det nok opplevast som meir sjølvsagt å ta høgare utdanning, og du vil kanskje vere meir komfortabel med ein identitet som akademikar enn om du har vakse opp i ein typisk arbeidarklasseheim.

Les meir her: Klassereisen

Å framstille seg sjølv

Vi formar identiteten vår gjennom dei vala vi tek, og med bakgrunn i korleis vi ønskjer å vere. Samtidig sender vi ut signal til andre om kven vi er, noko som bidreg til at dei oppfattar oss på ein bestemt måte.

Mannleg tatovert torso heklar ein lapp. Foto.
Oppfattar du at denne personen sender ut eintydige signal om eigen identitet? Eller er det kanskje slik at vi har forventingar om at menneske med visse kjenneteikn skal oppføre seg på ein bestemt måte?

Dersom du bryt med tradisjonelle måtar å framstille eller te deg på, kan det vere forvirrande for andre å oppfatte kven du eigentleg er. Ein MMA-fighter kan gjere ein strålande jobb som barnehagelærar, sjølv om andre vil oppfatte at det første krev ein utagerande machoidentitet og det andre ein mild og omsorgsfull identitet. Men det er altså mogleg å vere både macho og mjuk.

Kanskje spesielt i ungdomsåra, der mange jobbar med å finne ut kven dei er og vil vere, kan det fort oppstå konfliktar mellom dei signala ein sender ut om eigen identitet, og dei tolkingane andre gjer av kven du er. Den identiteten vi sjølve ønskjer å kommunisere, og den andre tilskriv oss, er altså ikkje alltid den same.

Å definere seg i høve til andre

Alle menneske har ein identitet som er unik. Eg er ein annan enn deg, og du er ein annan enn meg. Mange av menneska rundt deg liknar likevel på mange måter på deg. Spør du alle i klassen om å definere identiteten sin, vil du truleg finne mange likskapstrekk med deg sjølv.

Tenk over

  • Kva vil du seie er identiteten til den næraste venegruppa di?
  • Trur du alle er nøgde med gruppa sin identitet?
  • Kven i gruppa har fått lov til å definere identiteten til gruppa?

I videoen ser du ein parodi på tre velståande kvinner som har eit svært medvite forhold til korleis dei definerer seg sjølve i høve til andre når det gjeld alt frå klede og barnenamn til matvanar.

Har du også et helt eget særpreg?

Det er tydeleg at desse tre karakterane ikkje berre er opptekne av seg sjølve, men også av korleis andre skal oppfatte både dei og barna deira. I dette tilfellet i så stor grad at det blir komisk.

Kven formar identiteten din?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs