Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Mediebruk blant ungeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediebruk blant unge

Medievanane våre er i endring. Den teknologiske utviklinga går fort, og som ung tek du desse teknologiane i bruk raskt. Klarer du deg utan smarttelefonen din? Kva sosiale medium nytta du i går?

Ung jente med mobiltelefon sender SMS. Foto.

Mediekvardagen

Noreg er eit av dei landa i verda der innbyggjarane har størst tilgang til teknologi. Tilgangen til teknologi formar mediekvardagen vår. Unge menneske er blant dei første til å ta denne digitale teknologien i bruk. Så å seie alle unge i Noreg har tilgang til Internett og smarttelefon (96 %).

I dei siste åra har mediebruken til unge endra seg mykje. Nye medium har komme til, media blir nytta i nye sosiale samanhengar, og tida dere bruker på dei ulike media, har auka.

Mediekvardagen til personar som tilhøyrer ulike aldersgrupper, er ikkje lik. For unge har mobiltelefonen ein spesielt stor plass i kvardagen. Bruk av mobil blant unge har auka mykje dei siste åra. Spesielt er det ei stor auke i bruk av mobiltelefonen til sosiale medium. Og mobiltelefonen blir brukt på stadig fleire måtar, som spelplattform, kamera, informasjonskjelde og musikkspelar.

Tenkjepause

  • Kva medium nytta du for tre år sidan?
  • Kva medium nyttar du i dag?

Kva fortel statistikken om unge sin bruk av medium?

På nettsidene til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet finn du statistikkar som syner at unge bruker mykje tid på ulike medium og framfor skjerm: Barn og unges mediebruk. Studer informasjonen på denne nettsida nøye, både statistikkar og forklarande tekstar.

Tidsbruk

Ved sida av å treffe venner, er det mobiltelefon og Internett unge bruker mest tid på. Tidsbruken varierer ein del mellom kjønna. Gutar bruker meir tid til spel enn jenter. Jentene bruker meir tid på sosiale medium, mobiltelefonen og å treffe venner. Sosiale medium blir nytta som ei forlenging av det å vere saman med venner og dele opplevingar med dei. Dei mest populære sosiale media er Facebook, Snapchat og Instagram.

Hovudmønsteret er at dei unge sin tidsbruk i større grad enn før går føre seg heime, framfor skjermen, enn fysisk saman med venner. Men det vil ikkje nødvendigvis seie at ungdom har svake sosiale relasjoner eller isolerer seg.

Både konsumentar og produsentar

Bruk av videotenester som YouTube og Vimeo, musikkstrøyming, sosiale bilettenester som Snapchat og Instagram, sosiale medium, nett-TV og dataspel er utbreidde blant unge. Unge nyttar også ulike søkjemotorar og leksikon i skulearbeidet.

Men unge menneske er ikkje berre konsumentar av innhald, dei produserer også innhald sjølve. Ikkje minst gjeld det bilete og videoopptak som blir delte med andre. Også her er det skilnad på gutar og jenter. Gutane nyttar videotenester meir, mens det er fleire jenter som nyttar musikkstrøyming, enn gutar.

Dataspel

Unge bruker også mykje tid på dataspel. Også her er det skilnader mellom gutar og jenter. Gutane nyttar meir dataspel enn jentene, og mens bruken blir mindre blant jentene jo eldre dei blir, så bruker gutane meir tid på dataspel jo eldre dei blir. Mens gutane spelte mest på PC og spelkonsollar, så spelte jentene mest på mobil og nettbrett. I dei siste åra har det vore ei sterk auke i spel på mobil og nettbrett blant alle unge.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale