Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Alle elskar NooraChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Alle elskar Noora

Våren 2016 følgde over 960 000 jentegjengen i første klasse ved Hartvig Nissen videregående skole i serien Skam. Kvifor skapte denne serien eit slikt engasjement blant unge sjåarar? Og kva fortel det om unge sine medievanar?

Jentene i Skam med Gullruten-prisen. Foto.
NRK-serien Skam fekk Gullrute-prisen i 2016. Her tek jentene i Skam imot prisen i Grieghallen.

«Vi elsker alle Noora i Skam. Vi ser opp til henne, vi vil være henne, og hun viser oss at det å tre ut av den typiske sildestimen alle absolutt skal følge, er kult.» (Jente 19 år, Si;D, Aftenposten 23. mai 2016)

Om NRK-serien Skam

NRK sin TV-serie Skam tok heilt av våren 2016 og vart eit fenomen blant unge. I snitt såg 442 000 kvar av episodane i sesong 2. Det toppa seg i slutten av mai med over 960 000 unike brukarar. I tillegg fekk Skam tre Gullrute-prisar i 2016 for beste nye programserie, for beste TV-drama og årets nyskapning.

Skam er produsert av P3 for NRK nett-TV. I serien følgjer vi jentegjengen Noora, Eva, Chris, Vilde og Sana som går i første klasse på Hartvig Nissen videregående skole i Oslo. Den første sesongen var fokuset på Eva, i den andre sesongen var fokuset på Noora.

Serien tek opp realistiske situasjonar frå kvadagslivet, men er også prega av ironi og humor. Han gir eit innblikk i det prestasjonspresset som mange unge er utsette for i dag, og tek også opp viktige tema som kjærleik, valdtekt, vennskap, alkohol og kroppspress. Ikkje minst har episoden der Noora vaknar opp i ei seng under ein fest, naken og med minne om berre delar av festen, skapt engasjement. Hadde ho vorte valdteken?

Berast fram av sosiale medium

Seriar som Skam er medieuttrykk som lever i notid. Bruk av sosiale medium er viktig og kan kanskje forklare suksessen til serien. Skam har ein eigen blogg der det blir lagt ut klipp, bilete og meldingstrådar i notid, og profilar av karakterane. Klippa blir så samla til ein episode som visast ein gong i veka. Du kan også følgje serien i ei eiga lukka fangruppe på Facebook, på Instagram og på Twitter. Dessutan blir det skapt nye nettsider av unge som tek opp sider ved serien, og emneknaggar på Instagram og Twitter som #williamsvarnoora, #williammåsvare og #skam.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs