Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Medieerfaringar og medieopplevingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Medieerfaringar og medieopplevingar

Eit nettbrett i fanget, ein smarttelefon i handa og Netflix på TV-en. Det er typisk for norske ungdommar i dag. Og det er den gruppa du tilhøyrer, som raskast endrar medievanane sine. Unge sine medievanar gir derfor ein peikepinn om korleis mediebruken blir i framtida.

Her møter vi Sara og Sander og får eit innblikk i dei to unge sin mediekvardag. Kanskje er han lik din når dei seier at dei ikkje kjenner nokon som ikkje er på sosiale medium? Trur du denne mediekvardagen er forskjellig frå mediekvardagen til foreldre- og besteforeldregenerasjonen?

Ein teknologisk revolusjon

Menneske har alltid hatt behov for å dele tankar og kjensler med kvarandre. Men forma og formidlingskanalane har endra seg over tid. Frå 1880-åra og fram til i dag har det skjedd store endringar innan teknologi. Før den tid var det stort sett berre bøker, aviser og tidsskrift som sørgde for informasjon og underhaldning. Men då det vart mogleg å lage fotografi og film, fekk visuelle medium etter kvart ei dominerande rolle. På 2000-talet lever vi i ein digital tidsalder der rollene som avsendarar og mottakarar, eller produsentar og konsumentar, går om kvarandre, og der sosiale medium er ein viktig del av måten vi omgåast andre på.

Noreg er på teknologitoppen

Måten Vilde og Sander bruker medium på, er nok typisk for den ungdomsgruppa du tilhøyrer. Men det er viktig å hugse på at norske ungdommar ikkje er representative for resten av verda. Noreg er eit av dei rikaste landa i verda og på verdstoppen i teknologibruk. Det gjeld både nettbruk og kor mange som eig nettbrett, mobiltelefon og datamaskin.

Mobiltelefonen har blitt den viktigaste skjermen for mediebruken vår. Og, som Sander seier i videoen, vi sjekker han nok oftare enn vi trur. Vi nordmenn tek opp mobiltelefonen vår nærmare 160 gonger i døgnet i snitt, og heile 85 prosent av barn i alderen 10 til 11 år har sin eigen smarttelefon. Ny teknologi gir oss nye medium og nye moglegheiter til å kommunisere. Og det er unge som først tek denne teknologien i bruk.

Medievanane er i endring

Medievanane våre, og særleg medievanane til unge, er i endring heile tida. Dette ser vi tydelegast når det gjeld den tida vi bruker på Internett. Barn og unge mellom 9 og 16 år bruker i dag nesten like mykje tid på Internett som på å treffe venner, og 15- til 16-åringane bruker over 3,5 time i løpet av døgnet på Internett. Men kvifor er det slik? Kva blir media brukte til? Og kva gjer denne mediebruken med oss?

Bruk av sosiale medium

Sara og Sander fortel at dei bruker mange ulike sosiale medium. Dei bruker desse media til å kommunisere med venner og til å følgje med på kva som skjer. Undersøkingar viser at jenter bruker sosiale medium meir enn gutar. Dei bruker sosiale medium nesten tre timar kvar dag, ein time meir enn gutane. Kvifor trur du det er slik?

10 viktige medietrendar i 2015

  1. Internett er vår desidert viktigaste nyheitskjelde.
  2. Vi les halvparten så mange papiraviser som for ti år sidan.
  3. Radio held seg framleis godt.
  4. TV-en har enno ikkje døydd ut, men ungdommen ser stadig mindre på (lineær) TV, og vi bruker etter kvart TV-en til mykje anna enn «å sjå på TV».
  5. «Alle» har smarttelefon.
  6. «Alle» er framleis på Facebook, men med litt mindre aktivitet.
  7. Snapchat er stort blant unge. Twitter tek aldri heilt av.
  8. Ingenting klarer å ta livet av kinoen.
  9. Alle barn i alderen 3–11 år (!) har tilgang til (ikkje nødvendigvis eigen) smarttelefon og brett, og for dei under 11 år er YouTube den største TV-kanalen.
  10. Papiravisa er meir enn halvert blant unge.

19 enkle grafer som viser hvordan medievanene våre endrer seg

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale