Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Oppgåver til filmen CatfishChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til filmen Catfish

Ein gut innleiar ein venskap med ei ung kvinne på Internett. Men er ho eigentleg den ho gjer seg ut for å vere.

Oppgåve 1

  1. Sjå den amerikanske dokumentaren Catfish frå 2010. Kvifor har filmen fått tittelen Catfish?
  2. Gjer kort greie for handlinga i filmen.
  3. Korleis forklarer filmen det som har hendt?
  4. Filmen handlar om kommunikasjon i sosiale medium. Kva for gjennomgåande filmatiske verkemiddel blir brukte for å byggje opp under dette temaet?
  5. Filmen gir seg ut for å vere ein dokumentar, men om dette er ein autentisk dokumentarfilm eller ikkje, har vore diskutert av både filmkritikarar og fans. Kva trur du er grunnen til det?
  6. I etterkant av denne dokumentaren blei det laga ein TV-serie med same namn. Kva gjekk konseptet i denne TV-serien ut på?

Oppgåve 2

Les fagartiklane «Medium og identitetsdanning» og «Å gjere seg synleg på nettet» (relaterte tekstar).

  1. Kva la filosofen Michel Foucault i omgrepet self writing, og kva for eksempel bruker han for å vise at det har vore viktig for menneske til alle tider?
  2. Korleis kan ein bruke sosiale medium til å redefinere seg sjølv?

Oppgåve 3

Les Dagbladet-artikkelen En catfish på kroken.

  1. Del klassen inn i grupper. Del erfaringar når det gjeld kontakt med folk på nettet som har utgitt seg for å vere ein annan enn den dei i røynda er.
  2. Kvifor trur de nokre vel å skape seg ein fiktiv identitet?
  3. Korleis kan ein sikre seg at dei menneska ein er i kontakt med på nettet, er dei dei gir seg ut for å vere?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale