Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Ungdom usynlege i nyheitsmediaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Ungdom usynlege i nyheitsmedia

Ungdom i alderen 15–19 år er så godt som usynlege i nyheitsmedia. Det viser eit av hovudfunna i ein medieanalyse som «Kor har du det frå?» – Kampanjen for journalistikken har fått gjennomført.

Ung gutt leser avis på kafe

Denne saka er laga av Kampanjen for journalistikken for NDLA.

Medieanalysen De usynlige ( En studie av aldersgruppen 15-19 år i norske nyhetsmedier) blei presentert på UNG-konferansen til Mediebedriftens landsforeining / Avis i skulen i 2014 – i samarbeid med Kampanjen for journalistikken.

– Redigerte media vil gjerne at ungdom skal engasjere seg i nyheitsmedia, men då må vi i nyheitsmedia bli flinkare til å engasjere oss i ungdom, seier prosjektleiar Arnt Sommerlund, som leier medie-Noregs eige prosjekt «Kor har du det frå?» – Kampanjen for journalistikken.

Få saker – få røyster

Medieanalysen er gjennomført av medieforskar Rune H. Krumsvik. Hovudfunna viste at det er få saker i nyheitsmedia med ungdom i alderen 15–19 år. I dei få sakene som er, dominerer gladsaker frå sport og kultur.

– Når ein følgjer den daglege nyheitsdekkinga systematisk med blikket til ein ungdom, framstår ho som oppsiktsvekkjande irrelevant, seier Krumsvik.

Ungdom får sjeldan oppslagssakene, men må nøye seg med sidetoppar og notisar. Ungdom er noko meir til stades i lokale medium enn i riks- og regionale medium. Dessutan viste det seg at unge sjølve ikkje alltid får komme til ordet. I 42 prosent av sakene var det vaksne (foreldre, lærarar, trenarar, korps-/korleiarar og liknande) som talte på vegner av dei unge.

Gløymer nettutgåvene

Eit av dei overraskande funna frå denne medieanalysen var at mediehusa har så få nyheitssaker om ungdom i nettutgåvene sine.

– Norske medium satsar på nett for å nå ungdommen, men ser ut til å ha gløymt at dei også må gjere noko med innhaldet på nettutgåvene, seier Krumsvik.

Mediehusa har betydeleg færre ungdomssaker på nett enn i papirutgåvene. Som eksempel kan ein nemne at det mediehuset med flest ungdomssaker på papir, heile 23 saker, brukte berre 3 av desse nyheitssakene om ungdom i nettutgåvene sine.

Dette funnet er overraskande fordi andre undersøkingar viser så tydeleg at ungdom bruker Internett-medium i langt større grad enn papir. SSB sitt Norsk mediebarometer 2013 viste at 26 prosent av unge i alderen 16–24 år les papiravis, mens det tilsvarande talet for nyheiter på nett er heile 64 prosent.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale