Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Folkeopplysning og kritisk underhaldningChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Folkeopplysning og kritisk underhaldning

Folkeopplysningen er kritisk journalistikk som tek mål av seg til å underhalde. Det er derfor vi gjerne omtaler slike program som infotainment – sett saman av orda informasjon og entertainment. Men er programmet kritisk nok?

FooterHeaderIconFooter iconLK06

Denne oppgåva er laga for NDLA av Kampanjen for journalistikken.

Bloggarane du møter i dette videoklippet, er med i første episode av vitskapsprogrammet Folkeopplysningen på NRK. Programmet produserte sitt eige «supermatpulver» og gav det namnet Brassica, som er det italienske ordet for kål. Brassica er rett og slett frysetørka kål, pakka inn i ein dekorativ boks.

Positive bloggarar

Skodespelar og programleiar Henriette Brusgaard stilte opp i ein reklamefilm for produktet. Ho presenterte Brassica for helseinteresserte bloggarar som blei bedne om å teste produktet i ei veke, for så å komme attende med erfaringane sine. Fleire av desse gav positiv tilbakemelding på produktet og blei overraska over at Brassica eigentleg ikkje finst på marknaden.

Meininga med programmet var å gjere ei kritisk undersøking av fenomenet supermat. Derfor gjekk programleiar Andreas Wahl til ernæringsprofessor Birger Svihus for å samanlikne næringsinnhaldet i Spirulina, ein alge i pulverform som blir seld som supermat, og heilt vanleg kål.

Omtrent tolv minutt inn i episoden ser vi professor Svihus ta med seg Spirulina for å undersøkje pulveret. Samtidig kjem ein kvit tekst til syne på skjermen, som fortel at alle granskingar ikkje kan gjerast på dette laboratoriet, og at dei mest komplette analysetala blir henta frå det amerikanske landbruksdepartementet. Spørsmålet blir då om dette er god nok journalistikk.

Meldt inn til PFU

Det meiner supermatprodusenten John Opsahl at det ikkje er. Han meiner også at programmet la opp til ein dramaturgi som gjorde at sjåarane trudde at det var Svihus som utførte analysen. Det Svihus gjorde, var å stole på resultata frå forskarane i USA. Svihus står på si side inne for rolla si i programmet.

Opsahl meiner at Folkeopplysningen ikkje har lagt vekt på saklegskap og omtanke i innhald og presentasjon. Opsahl meiner at i tillegg til å ha brote Ver Varsam-plakaten, har programmet brote Redaktørplakaten: Det blir uklart kva som er faktum og informasjon, og kva som er mediet sine eigne meiningar. Les gjerne blogginnlegget til John Opsahl om Folkeopplysningen.

PFU-klaga

Supermatekspert John Opsahl har klaga «Folkeopplysningen» inn til PFU på desse punkta:

  • Brot på Redaktørplakatens punkt som dreier seg om «(...) å etterstreve journalistikk som gjer det klart for mottakaren kva som er reportasje og formidling av faktum og informasjon, og kva som er mediets eigne vurderingar og meiningar».
  • Brot på punkt 4.1 i Ver Varsam-plakaten som omhandlar det «å leggje vekt på å vere sakleg og på å vise omtanke i innhald og presentasjon».
  • Brot på Ver Varsam-plakaten sitt punkt 3.2, om å vere kritisk til val av kjelder.
  • Brot på Ver Varsam-plakaten 4.2: «Gjer klart kva som er faktiske opplysingar [...].»

Oppgåve

For å gjere desse oppgåvene, må du sjå første episode av Folkeopplysningen.
Folkekopplysningen episode 1, sesong 2

  1. Blir det vist nok omtanke, og er programmet sakleg i omtalen av supermat?
  2. Meiner du at programskaparane er for lite kritiske til forskarane som er med i programmet?
  3. I programmet møter vi ei rekkje bloggarar som testar produktet. Kva rolle speler bloggarar i marknadsføringa av ulike produkt? Kan vi stole meir på bloggarar enn på rein reklame?
  4. Forbrukarombodet har utarbeidt ei rettleiing til bloggarar, fordi dei gjerne er for dårlege til å informere lesarane sine om at dei driv med reklame. Tekstreklameplakaten er ein eigen plakat for journalistar som spesielle tek for seg korleis journalistar skal omtale produkt i redaksjonelle saker. Fleire gonger har det blitt diskutert om bloggarar burde følgje Ver Varsam-plakaten, eller lage seg eit tilsvarande etisk regelverk. Kva meiner du om dette?
  5. Folkeopplysningen bruker ei rekkje dramaturgiske og kinematografiske verkemiddel – blant anna har fleire scener referansar til fjernsynsseriar som Breaking Bad og The Wire. Korleis fungerer slike verkemiddel? Blir vi som sjåarar meir eller mindre påverka?
Sist oppdatert 11.04.2018
Tekst: Grethe Melby og Kampanjen for journalistikken (CC BY-SA)

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs