Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Bruk av sosiale mediumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruk av sosiale medium

Eit sosialt medium er ei nettbasert teneste som gjer det mogleg for mange brukarar å dele informasjon og kommunisere med kvarandre. Brukarane skiftar på å vere sendarar og mottakarar.

Sosiale medium. Produsert av TV 2 for Kampanjen for journalistikken 2014.

Innhaldet i eit sosialt medium er stort sett skapt av brukarane sjølve, men ein kan også bruke mediet til formidling av reklame eller anna innhald frå kommersielle leverandørar. Dei fleste sosiale medium har moderatorar som kan fjerne uønskt innhald, men ikkje redaktørar som er ansvarlege for at det som blir formidla, er korrekt eller følgjer bestemte etiske standardar.

Nokre sosiale medium tillèt brukarane å opprette venelister og dele eigen profilinformasjon med andre. På den måten kan ein byggje store nettverk med personleg informasjon som lett kan brukast (og misbrukast) av andre.

Gjennom sosiale medium kan ein spreie informasjon raskare og nå fleire mottakarar enn gjennom vanlege redaksjonelle medium. Men det er viktig å vere klar over at denne informasjonen ofte ikkje er stadfesta av fleire kjelder. Det kan vere lause rykte, eller medviten desinformasjon frå aktørar som ønskjer å spreie propaganda.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs