Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. I søkjelys frå mediaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

I søkjelys frå media

I dag må ikkje idrettsutøvarar berre kunne takle harde fysiske og psykiske påkjenningar i konkurranse mot andre idrettsutøvarar. Dei må også kunne takle å vere i søkjelys frå media.

Symjaren Sara Nordenstam om det å vere eit "mediefjes".

Idrettsutøvar og "mediefjes"

Nokre utøvarar blir meir motiverte av å sjå seg sjølve bretta ut over ei dobbelside i Dagbladet. Andre misser fokus på det dei eigentleg held på med.

Det er ikkje enkelt å leve opp til det ein sjølv og andre ventar seg. Spesielt unge idrettsutøvarar kan stå i fare for å bli mentalt utbrende av å leve i mediesøkjelyset konstant. Det finst lækjarar og psykiatrar som hevdar at ein i dag nærast kan sjå på "medieoffer" som ein medisinsk diagnose.

Mediepresset aukar

Idrett er god underhaldning, og underhaldning er lønnsamt. Stadig fleire mediekanalar konkurrerer i dag om dei beste idrettsoppslaga.

Då Håkon Brusveen tok gull på 15 km langrenn i Squaw Valley i 1960, hadde Noreg berre éin TV-kanal og éin radiokanal. Slik var det også då Bjørg Eva Jensen tok gull på 3000 m skøyter i Lake Placid i 1980.

I dag må dei fremste idrettsutøvarane våre stille til intervju med fleire norske TV- og radiokanalar etter ein konkurranse. I internasjonale meisterskap blir dei møtte av ein hær av mikrofonar og kamera, og pressekonferansar før og etter idrettskonkurransane er like obligatoriske som dopingkontrollar. Som ei følgje av dette omgir nå kjende idrettsprofilar seg med eigne pressetalsmenn og medierådgjevarar.

Mange vil sole seg i glansen

Idretten blir stadig meir kommersialisert, og både arrangørar og sponsorar ønskjer mediemerksemd. Dei fleste idrettsutøvarar eller idrettslag har i dag eigne sponsorar som i stor grad bidreg til å finansiere verksemda. Desse sponsorane ønskjer naturleg nok å få noko att for pengane sine – ikkje berre i form av idrettsprestasjonar, men også i form av promotering av bestemte produkt eller verdiar.

Marknadsføringsverdien av denne promoteringa er i stor grad avhengig av at utøvaren stiller opp både i redaksjonelle og i sosiale medium også utanfor konkurranse.

Er idrettsprestasjonen stor nok, er det nok av dei som ønskjer seg ein "selfie" saman med den store helten – alt frå fansen som møter utøvaren på bussen, til politikarar som er på jakt etter å styrkje sitt eige omdømme.

Erna Solberg og Magnus Karlsen møtes til sjakkspill på Norges toppidrettsgymnas i Bærum
Erna Solberg og Magnus Karlsen på Norges toppidrettsgymnas i Bærum.

Media byggjer opp og riv ned

Den heltestatusen mange idrettsutøvarar oppnår, er i stor grad medieskapt. Vi elskar Ole Einar Bjørndalen, Marit Bjørgen og Ole Gunnar Solskjær fordi media har teikna dei for oss som typiske norske heltar. Dei målber grunnleggjande verdiar alle kan samle seg om, same kva etniske og kulturelle bakgrunn ein har, og styrkjer dermed identiteten vår som norske borgarar.

Men media har også ein eigen dynamikk som gjer at dess større heltestatus ein person oppnår, dess meir spennande blir det å rive denne helten ned att frå pidestallen. Då blir ein fiasko eit betre medieoppslag enn endå ein siger, og skilsmissa sel fleire aviser enn det bryllaupet i si tid gjorde. Og ein ”fallen helt” får ikkje berre gjennomgå i redaksjonelle medium – han eller ho må ofte også tåle grov sjikane i sosiale medium.

Therese Johaug vant Tour di Ski i 2014.
Therese Johaug har opplevde både sigrar og nederlag. For sponsorane er det viktig at logoar og produkt er lett synlege når idrettsheltane framstår på pressefoto og i TV-intervju.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale