1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Nyheitsforteljingar som skaper fryktChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Nyheitsforteljingar som skaper frykt

Illustrasjonsfoto: overfallsvoldtekt

Oppgåve 1

Sjå Dagsrevyen eller TV 2-nyheitene.

  1. Kor mange av innanrikssakene denne dagen handlar om mord, ran, truslar, alvorlege ulukker eller naturfenomen som skaper store øydeleggingar?
  2. Kor mange av utanrikssakene denne dagen handlar om krig, naud, naturkatastrofar eller alvorlege ulukker?
  3. Kva får du vite om bakgrunnen for desse hendingane?
  4. Kva får du vite om omfanget og konsekvensane av hendingane?
  5. Inneheld nokre av desse nyheitsinnslaga bilete som kan framkalle angst hos barn og unge?
  6. Blir det som har hendt, framstilt på ein måte som kan skape frykt hos folk som bur i Noreg?
  7. Kva for sak vil du seie er eigna til å skape mest frykt blant vennene dine? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

Kvar vår har laussalsavisene Dagbladet og VG store oppslag om at flått, hoggorm og fjesing er ein trussel mot liv og helse.

  1. Søk på nettet etter statistiske data som viser kor mange personar som årleg mistar livet som ei følgje av at dei er bitne av flått eller hoggorm.
  2. Sjekk også om du kan finne statistikk som viser kor mange som får alvorlege helseplager på grunn av slike hendingar.
  3. Kvifor trur du desse avisene bruker framsida si på slike oppslag kvart år?
  4. Kva for oppslag som vedkjem liv, helse og tryggleik bruker dei same avisene spalteplass på i november og desember?

Oppgåve 3

Mange elskar skrekkfilmar og krigsfilmar. Nokre av scenene i slike filmar liknar på fjernsynsbilete som du til dagleg ser i Dagsrevyen eller TV 2-nyheitene.


Diskuter i klassen:

  1. Kva er grunnen til at mange opplever krigsscener som underhaldande når dei blir viste i ein spelefilm?
  2. Korleis reagerer de på krigsscener i ein nyheitsreportasje?
  3. Kor går grensa for kva ein kan vise i film?
  4. Kor går grensa for kva ein kan vise i ei nyheitssending på TV?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale