Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå husmorfilm til blogg

Husmorfilmane frå 50- og 60- talet var timelange gratis kinofilmar der nye produkt for heimen vart presentert på ein informativ måte. Det var utan tvil reklame, men mellom produktreklamen var det stikk der kremen av norske komikarar, songstjerner og programleiarar underheldt publikum.

Folkeopplysning og reklame

Husmødrer stod i kø for å sjå filmane. Ofte var det moteoppvisningar og alle husstandar i landet fekk gratisavisa Husmor-nytt i posten med invitasjon til filmen rett før. Ingen har eksakte tal, men ein går ut frå at mellom 150 000 og 250 000 kvinner såg kvar av filmane. Det vart produsert 28 filmar mellom 1953 og 1972.

Kjønnskonserverande

Reklameinnslaga hadde opplysande karakter og dreidde seg om nye varer og arbeidsmetodar i heimen; matlaging, reingjering, stell av kle, innreiing og oppussing, eigenpleie for husmora og så vidare.

– Det vart reklamert for kle, mat og kosmetikk, og dei var kjønnskonserverande på den måten at det var sjølvsagt at kvinner var husmødrer, forklarar Anne Marit Myrstad, førsteamanuensis i filmvitskap ved Institutt for kunst- og medievitskap ved NTNU. Ho gav nyleg ut boka «Husmora i fokus. Den norske husmorfilmen 1953–1972». Ho seier at enkelte bloggar i dag har fellestrekk med bodskapen i dei gamle filmane.

– Husarbeidet har vore og synest framleis å vere eit kvinnedomene, faktisk òg utover det som handlar om omsorg for born, seier Myrstad.

Husmorideala lever vidare på internett

– Dagens husmorbloggar skil seg frå husmorfilmar først og fremst når det gjeld vekta ein legg på mammarolla i vår tid. Barneomsorg var ingen vesentleg del av husmorfilmane, men når det gjeld innreiing, design og kakeoppskrifter, er det eit klart band.

Blogger skriver på pc
[b]2013: [/b] Tine Solberg bloggar om mote, livsstil og interiør og har 3000 unike brukarar dagleg.

– Nettet er ein ypparleg stad for å gi kvarandre råd om oppskrifter og tapetsering. Men ideen om å gjere husarbeid til karriere er eit dristig prosjekt i den grad det handlar om å la seg forsørgje. Vi har alle, kvinner som menn, viktige oppgåver heime, men om desse i større grad blir opplevd som valet og ansvaret til kvinner, seier det ein heil del om at husmorideala har fått lov å leve vidare lenge etter at kvinnekampen tok over for husmorfilmen på 1970-talet.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale