Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Bloggar påverkarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Bloggar påverkar

Undersøkingar viser at vi får lyst på nye produkt etter å ha lese produktomtalar på bloggar.

Jente som blogger

Informasjonssjefen i DnB Bank ASA fortel at banken samarbeider med bloggarar på tema som dei veit dei er opptekne av.

– Når vi samarbeider med bloggarar så gjer vi det fordi vi ønskjer å treffe ei målgruppe med eit tema som vi elles har problem med å nå fram til denne gruppa med.

– Når vi eksempelvis samarbeider med ein bloggar som er kjent for å snakke om kle og smykke, så kan vi sørgje for at det òg blir snakka om at det er viktig å ha ein økonomisk buffer, BSU-sparing og innbuforsikring.

Forbrukarombodet: Rettleiing om bloggreklame

Oppgåve

Drøft i klassa

  • Har du kjøpt noko fordi ein bloggar har anbefalt det? Dersom du bloggar sjølv - har du anbefalt produkt til andre. Kvifor?
  • Kva synest du om at store konsern, som DnB, betalar bloggarar for å skrive om produkta deira?
  • Stoler du på råd og anbefalingar i bloggar? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Har bloggarar noko form for makt? Eventuelt kva slags makt?
  • Forbrukarombodet meiner at denne forma for marknadsføring reiser problemstillingar rundt kjøpepress, urimeleg påverknad og skjult marknadsføring. Er du einig?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs