Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Mediebruk blant innvandrararChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediebruk blant innvandrarar

Over ein halv million menneske i Noreg er fødde i eit anna land. Vi veit at alder, kjønn, utdanningsnivå og livsfase er viktige bakgrunnsfaktorar når vi skal forklare dei medievanane folk har lagt seg til. Men kva med fleirkulturell bakgrunn?

Ung, farget jente surfer på internett

Ein innvandrar er ein person som er fødd i utlandet og som sjølv har innvandra til Noreg, eller ein person som er fødd i Noreg av to foreldre fødde i utlandet som har innvandra til Noreg.

Medievanar

0:00
Kurer om medievanar blant innvandrarar.

Innvandrerundersøkinga 2012

I 2012 blei det offentleggjort ei undersøking om mediebruk blant innvandrarar. Ho er kalla "Innvandrarundersøkinga 2012" og var eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo og NRK Analyse. Rapporten blei lagt fram på eit seminar i Oslo 16. januar 2013. Hovudfunna syner at det framleis er store skilnader i mediebruken blant etniske nordmenn og innvandrarbefolkninga.

Fakta om undersøkinga Mediebruk blant innvandrarar 2012

  • utført blant dei 11 største innvandringsgruppene i Noreg
  • gjennomført på ulike språk
  • deltakarar mellom 15 og 59 år
  • har i snitt budd i Noreg i 11 år
  • 16 % fødde i Noreg
  • 42 % busette i Oslo

TV og nett viktigast

80 % av innvandrarane i Noreg brukte norske medium dagleg. Medievanane deira liknar på mange måtar medievanane til resten av befolkninga, men nokre store forskjellar er det. Innvandrarar høyrer mindre på radio og bruker mindre tid på å lese aviser. TV og Internett er dei viktigaste media. 90 % av innvandrarane bruker Internett kvar dag, både via PC og mobil. Faktisk er bruken av Internett på mobil like stor som bruken av radio i denne gruppa, seier forskar Hilde Thoresen i NRK Analyse til Aftenposten.

YouTube dominerer

Eit interessant funn i undersøkinga er bruken av YouTube. Heile 53 % av innvandrarbefolkninga bruker YouTube dagleg. Til samanlikning ser berre 31 % av den totale befolkninga dagleg video på YouTube. Ei forklaring kan vere at Internett og sosiale medium er den viktigaste portalen for informasjon frå heimlandet. Blant anna er dramaseriar frå Tyrkia og Pakistan på YouTube populær underhaldning.

Lokalaviser og radio er taparar

Taparane er radio og lokalavisene. Berre 10 % av innvandrarbefolkninga bruker NRK radio dagleg, mot 40 % av befolkninga totalt. Når dei lyttar på radio, vel dei stort sett radiokanalar med mykje musikk. 67 % av den norske befolkninga les aviser dagleg. I innvandrargruppene gjeld dette under halvparten. VG er den mest populære avisa.

Vintersport og vêrmelding er inkluderande

Eit overraskande funn er at etniske nordmenn og innvandrarbefolkninga er like opptekne av vêret. Oppslutninga om nettstaden yr.no er nemleg like stor, 35 prosent, hjå begge gruppene. Det same gjeld vintersport på TV. Ein skulle tru at personar som kjem frå land utan tradisjon for vintersport, ikkje er like opptekne av dette som befolkninga generelt. Undersøkinga viser tvert imot, slik forskarane skriv i rapporten:

På mange måter gir intervjupersonene inntrykk av at vintersport er med på å skape et oss eller vi – det er "vi" som vinner når Northug eller Bjørgen tar gull. En annen sier følgende om Northug og Ski-VM i Oslo: «Ja, jeg synes det var veldig gøy. Veldig artig. Jeg har stor sans for Northug jeg. Altså, du må ha en sånn eplekjekk primadonna. Det er kult å ha en sånn». Vintersport på tv synes å skape et inkluderende fellesskap som alle føler seg som en del av.

Hybride og kosmopolitiske medievanar

Hilde Thoresen og Lotte Andersen analyserer ni djupneintervju og har valt å dele intervjupersonane i to grupper: dei med hybride medievanar og dei som har kosmopolitiske medievanar.

Les meir om Kva som kjenneteiknar desse gruppene:

Kjenneteikn ved gruppa med hybride medievanar:

  • Dei bruker ein stor del av medietida på innhald frå heimlandet.
  • Det meste av heimlandsinnhaldet finn dei på nett.
  • Dei føretrekk dramaseriar frå heimlandet.
  • Dei er faglærte eller ufaglærte.
  • TV blir brukt som eit avslappande medium.
  • Dei føretrekk kommersielle kanalar framfor NRK.
  • Dei har ikkje tydeleg interesse for nyheiter.
  • Dei er aktive nettbrukarar.
  • Dei har svært mykje til felles med den unge og lågt utdanna delen av befolkninga generelt.

Kjenneteikn ved gruppa med kosmopolitiske medievanar:

  • Dei er internasjonalt orienterte når dei vel innhald på TV, radio og nett.
  • Dei bruker i langt mindre grad tid på innhald frå heimlandet.
  • Val av medium er sterkt knytt til utdanning, profesjon og personlege interesser.
  • Dei er opptekne av å halde seg oppdatert på nyheiter.
  • Dei er opptekne av kvalitet og sjølvstende.
  • Dei har høgre utdanning.

Etter kvart som utdanningsnivået aukar blant innvandrarbefolkninga og befolkninga generelt, kan ein vente seg at gruppa med kosmopolitiske medievanar vil auke.

Medievanar og integrering

Forskar Hilde Thoresen er ikkje bekymra for at medievanane i innvandrargruppene fører til svak integrering, sjølv om 20 % av innvandrarbefolkninga ikkje bruker norske medium dagleg. Det er ingenting som tyder på at det å bruke medieinnhald frå heimlandet står i motsetnad til det å bruke norske medium, seier forskaren.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs