Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Kven er det bilete av i avisa?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kven er det bilete av i avisa?

Tel bilete i avisa av ulike grupper i folket.

Avislesning

Du har truleg tilgang til ei eller fleire papiraviser. Vel ei av desse. Studer dei bileta avisa har valt å bruke, både i annonsar og i redaksjonell tekst. Hopp over bilete av folkemassar, eller der det er vanskeleg å sjå om personane er kvinner eller menn.

  1. Kor mange menn er det bilete av i avisa?
  2. Kor mange kvinner er det bilete av?
  3. Dei fleste avisene deler stoffet sitt inn i avdelingar.
    – I kva del av avisa er det flest menn?
    – I kva del av avisa er det flest kvinner?
    Korleis vil du forklare at det er slik?
  4. Se så på aldersfordelinga. Kor mange bilete av barn, unge og eldre finn du?
  5. Finn du nokre bilete av personar med funksjonshemmingar?
  6. Kor mange av personane på bileta i avisa har ein annan etnisk bakgrunn enn norsk?
  7. Ei riksdekkjande avis vender seg til heile landet. Ei regions- eller lokalavis vender seg til lesarar i eit bestemt geografisk område.
    – Er bileta i avisa representative for dei ulike gruppene som folkesetnaden i avisa sitt målområde består av?
    – Kvifor eller kvifor ikkje?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale