Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Frå han til hoChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Frå han til ho

Føremålet med eksperimentet er å studere kva som skjer når kjønnsperspektivet i ein avistekst blir endra.

Mann og kvinne

Eksperiment

Del klassen i to. Elevane i kvar halvdel blir deretter delt i mindre grupper. Kvar gruppe vel ei nettavis eller ei papiravis som dei vil studere nærare.

Gruppene som tilhøyrer den eine halvdelen av klassen, skal no bytte ut orda han med ho/henne og mann med kvinne i ei eller fleire nyheitssaker. Bytt også ut bilete av menn med bilete av kvinner.

Gruppene som tilhøyrer den andre halvdelen av klassen, bytter ut orda ho/henne med han og kvinne med mann i ei eller fleire nyheitssaker. Bytt også ut bilete av kvinner med bilete av menn.

Vel personar som de meiner kan brukast som kjelder eller referansepersonar på lik line med dei personane avisene opphavleg har valt. Dersom avisa for eksempel har intervjua ein ekspert på eit område, bør de finne ein person av motsett kjønn som også er ekspert på det same temaet. Bytt ut bilete med bilete av personar som figurerer på omtrent same måte.

Diskuter i klassen:
Kva skjer når ein endrar kjønnsperspektivet i ein avistekst?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs