Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Vi lever i ei filterbobleChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Vi lever i ei filterboble

Når du søkjer på Google, sørgjer ein algoritme for å gi deg informasjon som stemmer med dei synspunkta som inngår i brukarprofilen din. Slik blir vi isolerte i vår eiga kulturelle og ideologiske boble.


I denne videoen fortel den amerikanske internettaktivisten Eli Pariser om "filterbobler".

Endringar i nyheitskonsumet

Måten vi konsumerer nyheiter på, har endra seg radikalt dei siste åra. Stadig færre hentar informasjon frå tradisjonelle nyheitskanalar som TV, radio og trykte aviser. I dag mottar vi i aukande grad nyheiter via digitale plattformer som mobil og nettbrett, og via sosiale medium som Facebook og Twitter.

Skreddarsydde tenester

Nettbaserte mediebedrifter skreddarsyr tenestene sine slik at dei er tilpassa ulike brukargrupper. Tilpassinga skjer ut frå innsamla informasjon om brukarane sine preferansar. Det gjeld både kommersielle tenester, nyheitstenester og søkjetenester. Eit godt eksempel er nettbokhandelen Amazon. Dei veit kva kunden tidlegare har kjøpt, og kva andre, som har dei same interessene, har kjøpt. Denne personifiseringa er ein bevisst strategi hos dei største internettselskapa som Facebook, Google, Microsoft og Yahoo. Men ein ting er å samle informasjonen for å selje ei vare. Det er noko heilt anna når denne informasjonen blir brukt for å styre vår tilgang til informasjon.

To hunder skriver melding på Internett. Illustrasjon.
Ein velkjend iIllustrasjon av Peter Steiner viser to hundar som opptrer anonymt på nettet. Moderne teknologi gjer at nettgigantane no veit mykje om kven du er, og kva du liker best.

Vi er ikkje anonyme på Internett

Det som ein gong var eit anonymt medium ”der ingen visste at du var ein hund”, for å bruke teiknaren Peter Steiners berømte teikning frå 1993 som eksempel, har blitt eit avansert verktøy for å analysere våre personlege data. Ifølgje internettaktivisten Eli Pariser har Google sidan 2009 skreddarsydd søkjetreffa våre ut frå det som den algoritmen som Google bruker, trur er det beste søkjeresultatet for oss. Den informasjonen vi får, er derfor tilpassa det Google allereie veit om interessene og meiningsfellane våre. Facebook, Yahoo og andre leverandørar av innhald på nett gjer det same.

Vi lever i ei filterboble

Vi er på veg mot ei verd der Internett viser oss det dei trur vi ønskjer å sjå, men ikkje nødvendigvis det vi treng å sjå, ifølgje Eli Pariser. Han meiner at ved å kombinere alle desse filtra, alle desse algoritmane, så får vi det han kallar for ei filterboble, vårt eige avgrensa informasjonsunivers. Problemet er at vi ikkje sjølve bestemmer kva vi vil ha av informasjon, og at vi ikkje veit kva som blir filtrert bort.

Wikipedia (2012) og filterbobler:

En “filterboble” oppstår når en algoritme på en nettside gjør et utvalg av informasjon en bruker søker etter basert på informasjon om brukeren. Det kan være stedsangivelse, tidligere klikk og søking. Som et resultat av dette blir brukeren utestengt fra informasjon som ikke stemmer med ens egne synspunkter og på den måten effektivt isolerer dem inn i dere egen kulturelle og ideologiske boble.

Det blir sagt at det finst ingen gratis lunsj. Kostnaden ved gratistenester, som for eksempel Facebook, er at den informasjonen vi gir frå oss, isolerer oss som konsumentar. Algoritmane blir dei nye portvaktene for informasjon. Dei erstattar tradisjonelle portvakter som redaktørar og journalistar, som trass alt er gjenkjennande personar.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs