Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Mediebruk og mediepåverknad

Dei fleste bruker mykje tid på medium kvar einaste dag, og forbruket av medieinnhald aukar. Kva gjer straumen av inntrykk og bodskap med oss, på godt og vondt?

Nerd som spiller på mobilen. Foto.

Identiteten vår er det biletet eller den oppfatninga vi har av oss sjølv. Identiteten blir danna i eit samspel med andre menneske, i kommunikasjon ansikt til ansikt eller via ulike medium. Når andre ser deg i sosiale medium, blir du definert som person i tråd med det du legg ut av informasjon. Du vel sjølv om du vil gjere ditt verkelege eg synleg, eller om du vil skjule deg bak ei maske.

Livet og kvardagen vår blir påverka av dei media vi omgir oss med. Lokalavisa fortel om kven som er fødd, kven som giftar seg og kven som har gått bort. Mange eldre lèt fjernsynet styre døgnrytmen. Vi blir kjærastar via dating-tenester, oppdaterer oss på vener sine statusar og sørgjer saman i minnegrupper på Facebook.

Kva for medium vi bruker og kor mykje tid vi bruker på dei ulike media, endrar seg i takt med korleis media utviklar seg. Ofte er det ungdommar som tek nye medium i bruk først.

Menneske reagerer ulikt på mediepåverknad. Korleis og i kva grad vi blir påverka, er avhengig av personlegdom, tidlegare erfaringar og sosialt nettverk.

Avsendarar av mediebodskap ønskjer ofte å påverke haldningane og handlingane våre på ein bestemt måte, for eksempel få oss til å kjøpe eit bestemt produkt eller stemme på eit parti. Dei forskarane som jobbar med kultivasjonsteoriar, er likevel først og fremst opptekne av den mediepåverknaden som skjer utan at nokon medvite har planlagt han, og ofte utan at vi sjølv er klar over det.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale