Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medieetikk, kjeldekritikk og personvernChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Medieetikk, kjeldekritikk og personvern

Norske medium er underlagde presseetiske reglar. Ver Varsam-plakaten seier noko om samfunnsansvaret til media og forholdet til kjeldene. Men alle som ytrar seg i sosiale medium bør også ha nettvett og digital dømmekraft.

Veggmaleri som viser en kvinnelig politiker som er korfestet. Foran føttene mange mikrofoner og blomster.Maleri.
Natt til 2. påskedag 2018 blei gatekunstverket «Making a Martyr» måla på eit hushjørne i Bergen. Her er dåverande justisminister og FrP-politikar Sylvi Listhaug avbilda som Jesus, hengande på korset. I forgrunnen er det måla mikrofonar og lag ned blomar. Biletet blei seinare overmåla. Bak kunstverket sto den kjente gatekustnaren AFK. Ein kan lese kunstverket som mediekritikk, både av statsråden sin bruk av sosiale medium og av måten redaksjonelle medium handterte saka på.

Ver varsam-plakaten er den etiske grunnlova for all redaksjonell verksemd i Noreg. Norske medium blir styrte etter det som blir kalla den sosialt ansvarlege pressemodellen, der pressa har ei fri stilling, men underkastar seg ein presseetisk sjølvjustis.

Ein journalist har ansvar for at det som blir publisert er sant. All informasjon journalisten får, må derfor sjekkast grundig. Kjeldene må vere pålitelege og relevante.

Den digitale revolusjonen på 2000-talet har gjort alle i stand til å opptre som publisistar. Med det følgjer også eit personleg ansvar for det vi seier, skriv og vidareformidlar. Evne til kjeldekritikk er derfor viktig for alle, ikkje berre for journalistar.

Retten til å ytre seg offentleg er nedfelt i Grunnlova, men lova set også avgrensingar for hatefulle og sjikanerande ytringar retta mot andre personar. Retten til å vidareformidle andre sine åndsverk er også regulert av lovbestemmingar.

Læringsressursar

Medieetikk, kjeldekritikk og personvern

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale