Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. FilmhistorieChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Filmhistorie

Filmhistoria handlar både om teknisk utvikling, utviklinga av filmspråket, og korleis film i ulike periodar er teken i bruk for å påverke dei som ser på.

Spole med film på trebord. Foto.

Den første filmen i verda er berre på nokre få sekund. Han blei filma den 14. oktober i 1888 av den franske oppfinnaren Louis Le Prince. Dei første filmane gjengav verda utan noko anna føremål enn å vise henne.

Georges Méliès tok teknikken eit steg vidare. Han bygde i 1897 det første eigentlege filmstudioet. Her eksperimenterte han med levande skodespelarar, dokketeater og modellar, og utvikla ei rekkje av spesialeffektane som blir brukte i filmmediet. Fiksjonsfilmen blei snart ein verdssuksess, både kunstnerisk og kommersielt.

Den eigentlege filmhistoria startar etter det mange meiner, med David Wark Griffith, far til den amerikanske forteljande filmen. Med filmane En nasjons fødsel (1915) og Intolerance (1916) starta han utviklinga av det filmspråket som enno blir brukt i spelefilm.

Heilt frå byrjinga av blei film sett på som sterkare enn andre medium. Folk dukka seg i kinosalane i 1890-åra når eit tog kom køyrande mot dei på scena, akkurat som dei gjorde då dei første 3D-filmane blei viste eit hundreår seinare.

Filmen speler på fleire sansar. Ikkje noko anna medium skaper ein så sterk illusjon av verkelegheit med så liten innsats frå sjåaren. Mange uroa seg derfor over korleis han ville verke inn på haldningane og moralen til folk. «Den som kontrollerer filmindustrien, kontrollerer det mest kraftfulle mediet til påverknad på folket», sa Thomas Edison.

Læringsressursar

Filmhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Federico Fellini: 8 1/2

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kampf Um Norwegen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff