Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. Mangfaldiggjering av tekst og bileteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Mangfaldiggjering av tekst og bilete

Heile sivilisasjonen vår byggjer på overføring av kunnskap gjennom skrift og bilete. Oppfinninga av boktrykkjarkunsten i 1440-åra og fotografiapparatet på 1800-talet gjorde det råd å massekopiere tekst og bilete og med det gjere informasjon tilgjengeleg for alle.

Munk som kopierer bøker for hand. Illustrasjon.
Før boktrykkjarkunsten blei oppfunnen, blei nye eksemplar av bøker kopierte for hand.

Frå skriftrullar til e-bøker

Dei første skriftlege nedteikningane blei skrivne på papyrus eller rissa inn i stein. På 200-talet blei papyrus erstatta med skinn av esel, svin eller kalv. Slikt skinn blei kalla pergament. Frå 600-talet og fram til 1400-talet blei bøkene skrivne og illustrerte for hand. Bileta var fargerike, og nokre til og med pryda med gull.

Dersom ein ønskte eit ekstra eksemplar av ei bok, måtte boka skrivast av for hand. Ofte var det munkar eller andre med spesielle ferdigheiter i skriftutforming som stod for kopieringa. Det kunne ta fleire år å skrive av ei bok. Bøker var derfor ikkje noko vanlege folk hadde tilgang til.

Oppfinninga av boktrykkjarkunsten i 1440-åra er derfor eit viktig skilje i historia. Johan Gutenberg utvikla ein metode for masseproduksjon av bøker på papir. Det betydde at det kunne lagast uendeleg mange eksemplar av same bok. Bibelen var den første boka som blei trykt.

Masseproduksjon av bøker var ein viktig føresetnad for utvikling av det moderne demokratiet i Europa. Kyrkja si makt blei svekt, sidan bonde og biskop no hadde same tilgang til Guds ord. Etter kvart blei det oppretta skular der barn kunne lære å lese. Då rotasjonspressa kom på attenhundretalet, blei det enda meir effektivt å produsere aviser. Eit offentleg postvesen sørga for at avisene nådde fram til lesarane.

Vern mot fri kopiering

Samtidig oppstod det eit behov for å verne om rettane til forfattarar og forleggjarar. Lov om opphavsrettar regulerer blant anna retten til å lage nye eksemplar av ei bok. Vår digitale tidsalder utfordrar desse rettane på ein ny måte. Kven som helst kan no på ein enkel måte kopiere og vidareformidle tekst og bilete som andre har laga. Mange spår også at bøker og aviser på papir er på veg ut, og at bokhylla i løpet av få år vil bli erstatta av det digitale lesebrettet.

Ei krevjande omstilling

Omstilling frå papirbøker til e-bøker og frå papiraviser til nettavsier er krevjande for bokbransjen og avisbransjen. I Noreg eig dei største forlaga også trykkjeri og bokhandlar. Når heile distribusjonskjeda blir borte, forsvinn mykje av forlaga sine inntekter. Det kan i neste omgang gjere det lite lønnsamt å gi ut bøker på norsk. Nettaviser gir på langt nær same reklameinntekter som papiraviser. Mediebransjen må derfor finne andre måtar å finansiere journalistikken på.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale