Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. Frå Web 1.0 til Web 2.0 til Web 3.0ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå Web 1.0 til Web 2.0 til Web 3.0

Eit kjenneteikn ved Web 1.0 er einvegs-kommunikasjon. Kjenneteikn ved Web 2.0 er at alle kan publisere, det er fri flyt av informasjon og innhald blir delt gjennom sosiale media. Web 3.0 handlar i større grad om at nettenester blir tilpassa individ med utgangspunkt i korleis vedkommande brukar internett.

Personer kommuniserer via nettbasert teknologi. Illustrasjoner

Web 1.0

Ein kan sjå på Web 1.0 og Web 2.0 som to ulike stadium i utviklinga av World Wide Web – verdsveven. Web 1.0 bar preg av at det berre var webadministratorar som kunne leggje ut innhald på nettsider. Publikum var berre passive lesarar av dette innhaldet. Nettsider som berre blir brukte til å vise informasjon, og som berre kommuniserer éin veg, blir gjerne kalla Web 1.0.

Web 2.0

Uttrykket Web 2.0 begynte å slå rot etter ein konferanse i 2004 med Tim O'Reilly. Sidan har det vore uklart kva Web 2.0 eigentleg tyder. Tim O'Reilly meiner at Web 2.0 har eit sett med prinsipp som er felles for ein type nettenester. Ei netteneste kan femne om mange eller få av desse prinsippa.

Kva kjenneteiknar Web 2.0?

Web 2.0 er kjenneteikna ved at publikum ikkje lenger er passive lesarar, men sjølve bidreg med innhald utan å ha spesiell teknisk kompetanse. Publikum kan kommentere avisartiklar, lage bloggar, bidra på wikiar, leggje ut eigne filmar på YouTube og bruke sosiale medium som Facebook og Twitter.

Nettenester blir styrkte av å hauste kunnskap frå dei som bruker Internett. Eit eksempel er Wikipedia. Wikipedia er eit nettleksikon der alle kan leggje inn og endre informasjon. Nettstaden baserer seg på, og blir styrkt av, at ålmenta kan bidra med informasjon. Wikipedia veks kvar einaste dag og blir no rekna som ei seriøs kjelde for informasjon, sidan det er så mange som er med på denne gigantiske kunnskapsdugnaden.

Det er også mogleg å sortere og "merkje" eller kategorisere innhald, slik at ein lettare kan finne fram til relevant informasjon. Vi kan også kalle det annotering.

Eit anna kjenneteikn ved Web 2.0 er at dataprogram bruker Internett som plattform. Det inneber at ein kan bruke eit dataprogram gjennom ein nettlesar og ikkje lenger er avhengig av å installere det på datamaskina.

På veg mot Web 3.0?

Det neste steget i utviklinga, Web 3.0, har 'big data' som kjenneteikn. Somme meiner at Web 3.0 er her allereie. Her er nokre eigenskapar ved det vi kan kalle Web 3.0:

  • Innhald som er av interesse for deg, blir filtrert.
  • Det er ein semantisk web (datamaskinene tolkar meining i data ved at det blir gitt opplysningar om data).
  • Berre informasjon som er av interesse for brukarane, blir gjord tilgjengeleg.
  • Ein oppnår riktige data til rett person til rett tid på rett apparat (laptop, mobiltelefon etc.).

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale