Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. Sosiale mediumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Sosiale medium

Med dei sosiale media sitt inntog har "passive" mottakarar av innhald i tradisjonelle medium blitt aktive brukarar som sjølv lagar og deler eige innhald.

Folk koblet sammen gjennom skya. Illustrasjon.

Sosiale medium endrar informasjonsflyten i samfunnet

Det er definitivt slutt på at berre profesjonelle medieprodusentar distribuerer informasjon. Nye sosiale medium er blitt lanserte, og vi har sett tenester vekse eller forsvinne.

Med sosiale medium har mekanismane for informasjonsspreiing endra seg. Gjennom dei sosiale media har folk flest fått moglegheit til å uttrykkje seg og formidle tankar og informasjon.

1900–2000: Éin-til-mange-kommunikasjon

En til mange kommunikasjon. Illustrasjon.

Publikum mottek informasjon passivt. Det er for eksempel nyheitsbyrå, aviser og kringkasting som formidlar nyheiter frå nasjonale og internasjonale hendingar.

Nyheitsredaksjonar er altså aleine om å definere og setje dagsorden for den offentlege samtalen.

2000–i dag: Mange-til-mange-kommunikasjon

Mange til mange kommunikasjon. Illustrasjon.

Kommunikasjonen går alle vegar, og alle kan publisere informasjon. Alle snakkar med alle. Ideen om at nokon autoritetar har monopol på for eksempel nyheiter, gjeld ikkje lenger.

Under eit jordskjelv eller ein protestmarsj kan vanlege menneske med mobilkamera og internett fortelje verda kva som skjer. Hendinga kan fangast opp på Twitter eller Facebook av ein nyheitsredaksjon først seinare. Dette var utenkjeleg før det fantes sosiale medium.

Kva for sosiale medium oppstod først? Kva kjenneteikn har dei? Kven blei store, og kven forsvann? Nedanfor får du presentert nokre sosiale medium.

Meinings- og erfaringsdeling på bloggar

Ordet blogg oppstod på slutten av 90-talet. Det er samansett av det engelske web og log. Dei første bloggane var "lenkjebloggar" som samla peikarar til stader på nettet, men utvikla seg raskt til ein meir personleg sjanger der bloggarane gav uttrykk for eigne meiningar og kjensler.

Blogg.no, blogspot.com og Tumblr.com er tre tenester for oppretting av blogg. Klarer du å finne ut ved å søkje på nett, når dei blei etablerte, og kor fort dei blei tekne i bruk?

Du finn alt frå Marit si svært personlege dagbok til kjende politikarar som skriv om og kommenterer verdshendingar som dei sjølv deltek i. Men den personlige tonen er behalden, sjølv om ein blogg kan ta opp alvorlege tema som kan ha betydning for mange menneske.

Dei fleste bloggarar ønskjer tilbakemeldingar og kommentarar på det dei skriv, og bloggane er derfor som oftast utstyrte med kommentarfelt. Ein blogg blir gjerne oppretta for å få kontakt med andre, knyte seg opp mot andre sine bloggar og "snakke" saman på nettet. Utfordringa er å gjere seg synleg og viktig, for elles forsvinn bloggen din blant millionar andre. Derfor ligg det i dag mange "daude bloggar" på nettet, som ikkje lenger blir oppdaterte.

Dette er tenester som Facebook og Twitter no i stor grad har overteke, og derfor er det enkelte som meiner at bloggen gradvis vil forsvinne som sjanger.

Twitter

Twitter starta med at dei tilsette i firmaet Obvious i San Francisco byrja bruke eit mikrobloggsystem for meldingar inntil 140 teikn. Den første "tweet"-en blei send i 2006.

Twitter er ei mikrobloggingsteneste der konto-eigar skriv korte, personlege statusmeldingar på internett for å dele for eksempel

  • tilvising til interessant informasjon
  • korte betraktningar
  • spørsmål
  • sitat frå konferansar
  • twittermeldingar frå andre personar

@ blir brukt til å kople tvittermeldingar til personar, mens #-taggar koplar meldingane til emneknaggar.

Jobbkontaktar på Linkedin

Linkedin. Foto.

Eit av dei første sosiale nettverka var Linkedin, som våren 2003 lanserte eit forretningsorientert sosialt nettverk.

Linkedin følgjer EU-reglar når det gjeld sikkerheit og personvern, og blir hovudsakleg brukt til å samle profesjonelle kontaktar og forretningskontaktar.

I 2010 var det registrert over 50 millionar brukarar frå meir enn 200 land. I 2017 er det 500 millonar registrerte brukarar.

Personkoplingar på MySpace og Facebook

Hausten 2003 etablerte Digital Media, eigd av News Corporation, og med hovudkontor i Beverly Hills, nettstaden MySpace, som raskt blei den mest populære sosiale nettstaden i USA.

Sjekk ut MySpace, korleis skil han seg frå Facebook?

Facebook som blei starta våren 2004 av Harvard-studenten Mark Zuckerberg som ein nettstad for universitetsstudentar i USA, går våren 2008 forbi MySpace.

I 2010 hadde nettstaden meir enn 500 millionar brukarar på verdsbasis, i 2017 var det 2000 millionar brukarar. Det er det mest populære sosiale nettverket i Noreg, i 2016 var det ca. 3,7 millionar brukarar.

Biletdelingstenester

Linse på toppen av en del bilder. Bildekollasj.

Biletdelingstenester er spådd å ta over brukaraktiviteten som til no har vore størst på Facebook. Den første viktigaste biletdelingstenesta var Flickr, men sidan har Instagram og Snapchat blitt lanserte som mobilappar for biletkommunikasjon på mobil.

Flickr på nett

Samstundes med at Mark Zuckerberg starta Facebook i 2004, lanserte Ludicorp, eit selskap i Vancouver i Canada, Flickr, ein nettstad der kven som helst kan laste opp fotografiene sine og dele dei med andre.

Flickr er ei biletdelingsteneste som gjer at du får tilgang til eigne og andre sine bilete på Internett. Du kan velje korleis og om du vil dele bileta med hele verda, med berre familie og/eller vener, eller om du berre skal ha privat tilgang til bileta.

Du kan også leggje Creative Commons-lisens på bileta dine, slik at andre kan bruke bilete du har lagt ut.

I 2010 hadde tenesta over 10 millionar brukarar og meir enn tre milliardar opplasta bilete. I november 2017 var det ca. 90 millionar brukarar og fleire tusen milliardar opplasta bilete.

Deling av bilete på mobil med Snapchat og Instagram

Snapchat blei lansert i 2011. Snapshat er ein slags vidareutvikling av mobiltelefonane MMS (multimedia messaging), altså privat deling av bilete, men blei no også knytt til ein konto på internett. I slutten av 2017 var det ca. 178 millionar daglege brukarar av Snapchat på verdsbasis, mens det i Noreg er rundt 3 millionar registrerte brukarar. Det er unge generasjonar, fødd etter 1980, som i størst grad bruker Snapchat dagleg.

Instagram blei lansert året etter, i 2012. Instagram på si side er ein kombinasjon av biletdeling og mikroblogging. @ og # koplar instagram-bilete til kvarandre og mellom brukarane på same måten som Twitter. Totalt er det 700 millionar registrerte brukarar på Instagram, og 500 millionar er aktive kvar dag. Det er ca. 2 millionar Instagram-profilar i Noreg.

Deling av musikk på norske Urørt

NRK P3 driv musikkdelingsnettverket Urørt. Nettsidene blei lanserte i 2000, og tenesta gir musikarar høve til å gjere musikken sin kjend. På nettsidene sine skriv dei sjølv:

NRK P3 Urørt er et nettsted hvor uetablerte norske artister og band kan promotere musikken sin, slik at du kan høre og laste den ned gratis. Urørt-redaksjonen finner frem til de beste låtene og spiller dem på NRK P3.

Daude norske nettsamfunn

Det største norske nettsamfunnet var Nettby hos VG, etablert hausten 2006, der brukarane kan skrive sine eigne nyheiter og meiningar og utveksle felles interesser. Nettby blei utvikla av Fredrik Kristiansen, som også etablerte nettsamfunnet Dagbladet Blink, før han slutta for å satse på Nettby.

I oktober 2010 varsla VG at Nettby ville bli lagd ned 1. januar 2011 på grunn av fallande popularitet og auka konkurranse frå Facebook.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale