Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. Slik blei World Wide Web tilChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Slik blei World Wide Web til

World Wide Web (WWW) er namnet på ei teneste som blei utvikla av Tim Berners-Lee og som vi dag kjenner best som internett. Denne oppfinninga blei starten på det moderne informasjonssamfunnet.

I dag er det nesten umogeleg å forstå at internett ikkje var allment tilgjengeleg for tretti år sidan. Tenk berre på korleis du med den største sjølvfølgje søkjer etter informasjon på ein søkjemotor, med eit par raske tastetrykk lastar ned eller musikk og filmar frå nettet. Eller at du sjølv publiserer noko andre kan få tilgang til.

Tim Berners-Lee ved datamaskinen. Foto.
Tim Berners-Lee utvikla World Wide Web.

Tim Berners-Lee ved datamaskinen. Foto.Tim Berners-LeeI 1980 jobba Berners-Lee ved CERN, det største instituttet for partikkelfysikk som finst. Han såg behov for eit system som enkelt kunne utveksle informasjon mellom ulike datamaskiner.

Protokollen eller språket han presenterte kalla han Hyper Text Transfer Protocol (http).

Han tok aldri patent på oppfinninga si, men delte ho tvert imot gratis med alle som var interesserte. Dette førte til at WWW fekk rask utbreiing, og at det blei utvikla mange nye program og tenester.

HTML og URL

På verdsveven kan informasjon bli presentert som websider der innhaldet er merka med eit eige markeringsspråk, HTML (HyperText Markup Language). Ei slik webside kan kombinere tekst med andre former for informasjon.

Ved hjelp av ein nettlesar kan sidene visast på datamaskiner kor som helst i verda. Det einaste brukaren treng å gjere, er å skrive inn ei nettadresse, også kalla URL (Uniform Resource Locator), eller å klikke på ei lenkje på ei nettside. Tekster som blir sette saman på denne måten, kallar vi hypertekster.

TCP

Når vi koplar ein datamaskin til internettet, får han straks ei unik Internet Protocol Address (IP-adresse). Når vi skriv ei nettadresse på datamaskinen vår og trykkjer på Enter, vil vi ved hjelp av ein Transfer Control Protocol (TCP) finne dei data som er lagra på denne nettadressa. Dette blir gjort ved å dele opp programmet i uavhengige delar eller ”pakkar”.

Ein TCP-pakke består av ein ”kropp”, som er sjølve innhaldet, og eit ”hovud”, som fortel kvar ”pakken” kjem frå og kvar han skal. Maskinen som sender ”pakken” reknar ut ein kontrollsum og legg den i ”hovudet”. Maskinen som tek mot ”pakken”, ser på innhaldet og reknar ut sin eigen kontrollsum. Dersom desse kontrollsummane er like, betyr det at data har komme korrekt fram.

Eventyret starta med ARPANET

Eventyret starta midt under den kalde krigen på 1960-talet. Advanced Research Projects Agency (ARPA) hadde blitt oppretta i 1958 for å utvikle ny teknologi for det amerikanske forsvaret. Dei sette seg som mål å lage eit nettverk for å knyte datamaskinar saman, som var så robust at ikkje eit enkelt punkt i nettet som svikta skulle være kritisk for heile nettet. Dette blei realisert i 1964, då såkalla ”packet switching” blei introdusert.

I 1969 opna ARPA for at også andre aktørar kunne knytast til nettet, og i 1972 blei det Yngvar Lundh ved Forsvarets Forskningsinstitutt på Kjeller utanfor Oslo som fekk etablert den første datamaskinen utanfor USA på ARPANET. Etter kvart blei det over heile verda utvikla tilsvarande nett. I Noreg var universitet og høgskolar tidleg ute med sitt UNINETT, som primært blei nytta til å utveksle elektronisk post.

Først då Tim Berners-Lee ved forskingsinstituttet CERN i 1991 presenterte World Wide Web (www), voks det fram eit globalt nettverk.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale