Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. Propaganda i moderne krigføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Propaganda i moderne krigføring

I dag har både styresmakter og organisasjonar eigne PR-avdelingar. Globale underhaldningsmedium påverkar haldningar og verdiar. I vår tid byggjer amerikanske og vesteuropeiske medium nye fiendebilete.

Vestens nye fiendebilder. Bilde.

I dei siste tiåra har psykologar og reklameindustrien i stor grad teke over ansvaret for utforming av propaganda. Styresmaktene og ulike organisasjonar har eigne informasjons- og PR-medarbeidarar som har til oppgåve å fôre media med interessante nyheitssaker og sørgje for godt omdøme og positiv omtale. Politikarar er klar over at det gjeld å byggje opp eit truverdig bilete gjennom media, og dei nyttar store ressursar på dette.

I det moderne mediesamfunnet speler underhaldningsindustrien ei viktig rolle når det gjeld å skape haldningar og verdiar i samfunnet. Filmane om James Bond er gode eksempel på korleis fiendebilete blir forma og endra i takt med politiske klimaendringar i verdspolitikken.

Den kalde krigen

Propagandaen under den kalde krigen var prega av kampen mellom dei to store supermaktene og deira allierte. Ikkje minst var propagandakrigen viktig for å vinne fotfeste og makt i den nøytrale delen av verda.

Krigen i Vietnam blei i stor grad påverka av nyheitsmedia, ikkje berre av det som hende på sjølve slagmarka. Nærgåande reportasjar i fjernsynet og avisene førte til ei massiv endring i amerikansk opinion, noko som igjen førte til krav om å få slutt på krigen.

Golfkrigen

Golfkrigen i 1991 synte at dei amerikanske militære leiarane hadde lært leksa si frå Vietnam, og denne gongen tok dei grep slik at mediedekninga skjedde på deira eigne premissar.

Denne krigen er eit godt døme på ein medviten og gjennomførd bruk av internasjonale nyheitsmedium til propagandaføremål. Sett på spissen kan ein seie at ein heil verdsopinion blei dirigert og styrt av dei militære med nyheitene frå denne krigen. Den som rår over nyheitsmedia, kan forme opinionen.

Krigen mot terror og nye former for krigføring

Med den allierte invasjonen i Irak i 2003 blei uttrykket embedded journalism svært aktuelt. Det vil seie at journalisten får plass i militærleiren ved krigsområda og får følgje soldatane på oppdrag. Som oftast skjer det fordi det er einaste måten ein kan følgje kampane og det som skjer på slagmarka på.

Metoden er blitt kritisert fordi han ofte fører til at journalisten blir "kamerat" med soldatane og kjenslemessig engasjert i kampen deira, slik at han mister den objektive distansen til hendingane.

Terrororganisasjonar nyttar også media til å fremje synspunkta sine og propagandere for saka si. Verken PLO eller Al Qaida hadde nådd fram med sakene sine viss ikkje massemedia følgde opp utspel og aksjonar.

The Marlboro Marine

er eit eksempel på embedded journalism.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale