Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. Kvifor er mediehistorie viktig?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kvifor er mediehistorie viktig?

Mediehistoria er viktig for å forstå historia. Ho handlar om korleis menneske har tileigna seg informasjon og kommunisert med andre i ulike tidsepokar. Mediehistoria syner oss også korleis tilgang til ny teknologi er med på å endre samfunnet.

Et bilde som viser glimt fra ulike epoker i norsk mediehistorie. Kolasj.

Kvifor treng vi å lære om historie?

Du har sikkert opplevd korleis det kjennest når batteriet på mobilen er tomt. Ferdast du langt utanfor allfarveg, har du sikkert også opplevd kor vanskeleg det kan vere å få fatt i informasjon som du til vanleg tek for gitt. Det er først når vi ikkje har tilgang til teknologien, at vi oppdagar kor avhengige vi er av han.

I dag lever vi i eit samfunn som gjerne blir kalla kommuniksjonssamfunnet, informasjonssamfunnet eller kunnskapssamfunnet. Men det vil jo ikkje seie at ein i gamle dagar ikkje kommuniserte, delte informasjon eller hadde kunnskap. Det tyder berre at menneska kommuniserte og skaffa seg informasjon på andre måtar. På same måten som moderne teknologi pregar måten vi samhandlar på i dag, er kulturen og dei kulturelle uttrykka i fortida prega av måten folk kommuniserte på då.

Teknologien endrar samfunnet

Det kan vere spennande å tenkje seg korleis menneska skaffa seg informasjon og hugsa han utan all den teknologien vi er vane med i dag. Før det vart vanleg å skrive ting ned, brukte folk andre hugseteknikkar. Bruk av rim og rytme er for eksempel ein teknikk som gjer det enklare å gjenta forteljingar og overføre kunnskap munnleg til andre. Dei greske filosofane lærte seg å hugse lange talar ved å sjå føre seg at dei vandra frå rom til rom. Slike memoteknikkar er det smart å lære seg også i vår tid. Når vi har automatisert kunnskapen vår, treng vi nemleg ikkje å slå opp i ei bok eller gjere eit søk på nettet kvar gong vi lurer på noko.

Men moderne informasjonsteknologi har gitt oss som lever i dag, unike høve til å hente informasjon frå heile verda rett inn i stova, uansett kor vi bur. Slik var det ikkje før, sjølv ikkje då foreldra dine var på din alder. Vi har også funne fram til ulike teknikkar for å distribuere informasjon på ein effektiv måte. Røysta ber lenger når vi bruker mikrofon, ein sceneartist kjem nærmare publikum når han eller ho kan sjåast på storskjerm.

Lagring og distribusjon

Oldtidas steintavler var ypparlege for lagring. Dei tolte vêr og vind og tidas tann. Men som distribusjonsmedium var jo steintavlene rimeleg upraktiske. Nedteikningar på lette material som pergament og papyrus var langt enklare å bere med seg. Slike nedteikningar og trykking på papir har ei lang historie i kulturen vår. Berre tenk på alle bøkene og avisene i biblioteka. Men det ville gå med uhorvelege mengder papir dersom all informasjon vi i dag har tilgang til, skulle lagrast i bokform. Tenk berre kor mange boksider du i dag kan lagre på ein liten minnepenn.

Teknologien har gjort det mogleg å lagre og distribuere store mengder informasjon rask og effektivt. Mengder av elektronisk informasjon blir i dag lagra i «skya», det vi seie i enorme serverparkar spreidde over heile verda. Moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi har på kort tid endra heile samfunnet. Mediehistorie er derfor ein sentral del av historia vår.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale