Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. Bruk av levande bilete i propagandaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Bruk av levande bilete i propaganda

Levande bilete blei tidleg teke i bruk i krigspropaganda. Propaganda blir brukt i krig for å mobilisere innbyggjarane til kamp og skaper fiendebilete det er lett å hate.

Tysk propagandafilm fra 1. verdenskrig
Tysk propagandafilm frå 1. verdskrigen

Propaganda er medvite manipulering av kjenslene og tankane til folk for å få dei til å meine eller gjere bestemte ting.

I juli 1916 oppretta den tyske hærleiinga eit Bild- und Filmamt («Bilde- og filmteneste», forkorta «Bufa») med ansvar for propaganda retta mot utlandet.

For å oppnå det han omtaler som «det største ettertrykket», lanserte general Erich von Ludendorff, sjefen for den tyske generalstaben, i 1917 ideen om å starte eit tilsynelatande nøytralt filmselskap som skulle formidle propagandabodskapar frå den tyske staten og regjeringa.

Dette selskapet fekk namnet Universum Film Aktiengesellschaft (UFA).

Oppgåve 1

  1. I juli 1917 skreiv Ludendorff dette i eit brev til det tyske krigsministeriet:

    Krigen har vist bildenes og filmens overlegne makt som opplysnings- og påvirkningsmiddel. Dessverre har våre fiender utnyttet sitt forsprang på dette feltet så grundig at stor skade har oppstått for oss … Filmen kommer heller ikke i den fortsatte krigssituasjonen til å tape sin veldige betydning som militærpolitisk påvirkningsmiddel. Nettopp av denne grunn er det ubetinget nødvendig, av hensyn til en lykkelig utgang på krigen, at filmen må få virke med det største ettertrykk overalt der tysk påvirkning fortsatt er mulig.


    Brevet til general Ludendorff om oppretting av UFA speglar att trua på at levande bilete har særleg sterk påverknadskraft. Finn fleire eksempel frå ulike tidsepokar på at filmmediet har blitt tillagt slike eigenskapar.
  2. Kvifor trur du filmmediet har blitt sett på som særleg viktig av makthavarar i autoritære statar og diktatur?
  3. Kva er hovudskilnadene på ein dokumentarfilm og ein propagandafilm?
  4. Diskuter i kva grad film, fjernsyn og dataspel har direkte påverknad på brukarane.

Oppgåve 2

Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.
Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.

Filmavisa UTW nr. 505 frå 1940 er redigert etter det vanlege mønsteret for tyske vekerevyar. Fem ulike innslag kjem før filmavisa tek føre seg krigen i Noreg. Innslaget startar med denne kommentatorteksten:

Frå krigsskodeplassen i Noreg. Det allierte krigsrådet hadde planlagt ein plutseleg landgang av franske og engelske tropper i Noreg den 10. april, for herifrå å truge og gå til åtak på Tyskland via Austersjøen over Danmark og Sverige. Føraren kom dette i forkjøpet ved den 9. april lynraskt å besette dei militært viktige punkta i Danmark og Noreg. (Start: 06.15)

  1. Kommenter bruken av kartgrafikk og tilhøyrande voiceover i opningssekvensen av innslaget frå Noreg (startpunkt 06.15).
  2. Kva for verknad trur du dette er meint å skulle ha på eit tysk kinopublikum tidleg i mai 1940?
  3. Lag ein oversikt over dramaturgien i innslaget frå «den norske krigsskodeplassen». Kva for effekt har denne dramaturgien?
  4. Også nyheitssendingar i fjernsynet i vår tid er blitt kritiserte for å strukturere og presentere stoffet som ei spennande forteljing. Kva er din kommentar til slik dramaturgisk tilrettelegging av nyheiter?

Desse oppgåvene er stilte til rådvelde for NDLA av Norsk filminstitutt som ein del av eit større undervisningsopplegg knytt til filmen Kampf um Norwegen.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale