Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. Olympiske ideal og propagandaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Olympiske ideal og propaganda

Oppgåve 1

Filmen Olympia (1938) av Leni Riefenstahl blir omtalt som eit teknisk og estetisk meisterverk. Den blir sett på som eit av høgdepunkta i karrieren hennar. Olympia er ein dokumentarfilm som skildrar dei olympiske leikane i Berlin i 1936. Filmen består av to delar: «Fest for folka» og «Fest for venleiken». I denne filmen tar Riefenstahl i bruk nye filmteknikkar for å dokumenterer sportslege hendingar, men filmen blir også omtalt som eit estetisk meisterverk.

Sjå klippet frå filmen Wonderful Horrible Life of Leni Riefenstahl der den tyske filmkunstnaren fortel om arbeidet med filmen Olympia – Fest der Völker (1938).

  1. Kva for hendingar er det filmen skildrar?
  2. Kven var oppdragsgjevar for denne filmen?
  3. I intervjuet seier Riefenstahl at ho henta inspirasjon frå antikken. Kva kjenneteikna denne historiske perioden?
  4. Sjå det første kvarteret av filmen Olympia - Fest der Völker (1936) .
  5. Kva for verkemiddel bruker ho for å trekkje linjer mellom antikken og OL-arrangementet i Berlin i 1936?

Oppgåve 2

Studer dei to stillbileta frå olympiafilmen til Riefenstahl. Klikk på bileta for å sjå dei i større versjon.

  1. Kva felles kjenneteikn finn du for personane som er framstilte på desse bileta?
  2. Gjer greie for kameravinkelen. Kva for effekt oppnår Riefenstahl når ho brukar ein slik kameravinkel?
  3. Kva for føremål hadde Riefenstahls når ho valde å framstille idrettsutøvarar på denne måten?

Oppgåve 3

Samanlikn plakatane:

  1. Korleis vil du beskrive menneskesynet som kjem til uttrykk i desse sju plakatane?
  2. På kva måte speglar dei att tidsepoken og samfunnet dei er blitt til i?

Menneskesyn: ei oppfatning av kva for unike eigenskapar det er som gir mennesket verd som menneske.

Oppgåve 4

Jesse Owens løper 200-meter i OL i Berlin i 1936
Jesse Owens i Berlin 1936

Forfattaren Nordahl Grieg skreiv dette diktet etter OL i Berlin i 1936:

Sprinteren

Niggeren Owens sprinter,

germanerne stuper sprengt.

Det blonde Stadion undres,

og Føreren mørkner strengt.

Men tenk da med trøst på alle

jødiske kvinner og menn

som sprang for livet i gaten

dem nådde dere igjen.

Spørsmål til diktet

  1. Kva for konkret historisk hending er dette diktet ein kommentar til?
  2. Ordet «nigger» er bannlyst frå det norske språket i dag. Kvifor trur du Grieg brukar nettopp denne nemninga i diktet sitt?
  3. Kva meiner han med «den blonde stadion»?
  4. Kva er det viktigaste verkemiddelet i dette diktet?
  5. Kva er bodskapen i diktet til Nordahl Grieg?
  6. Kor døde Nordahl Greig?

Kjelde

Diktet «Sprinteren» av Nordahl Grieg frå 1936 er trykt i boka Samlede dikt (Gyldendahl 1950).

Diktet finn du på s. 134 i den digitale utgåva i Nasjonalbiblioteket:

Nordahl Grieg: Samlede dikt

Oppgåve 5

Samanlikn bileta frå sigersseremonien i OL i Berlin i 1936 med eit tilsvarende bilete frå OL i Mexico i 1968.

  1. Kva har desse to bileta felles?
  2. Bileta viser personar som helsar på ein spesiell måte. Forklar den politiske tydinga av desse gestane. Søk på Internett etter svaret på dette spørsmålet.
  3. Drøft påstanden: "Olympiske leikar blir misbrukte som ein arena for propaganda."
    Underbygg argumentasjonen din med eksempel.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale