Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. Drøft ulike sider ved medieutviklingaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Drøft ulike sider ved medieutviklinga

Drøft ulike sider ved den internasjonale medieutviklinga dei siste femti åra.Vel ei av oppgåvene nedanfor.

jordakloden stiger opp av horisonten

Oppgåver

  1. I 2012 blei New Orleans den første store amerikanske byen utan eiga dagsavis.
    • Kva er grunnen til problema avisene opplever i våre dagar?
    • Korleis trur du det vil gå med papiravisene på sikt?
  2. Heilt frå starten av valde USA ein modell der radio og fjernsyn var eigd av konkurrerande selskap, og sendingane blei finansierte med reklame. Britane valde å opprette eit lisensfiansiert monopol.
    • Kva for konsekvensar fekk dette for dei programma som blei produserte?
    • Kva ville konsekvensen bli i Noreg dersom NRK ikkje lenger skulle vere lisensfinansiert?
  3. Språkprofessor Sylfest Lomheim fryktar at Facebook øydelegg kommunikasjonen mellom folk. Les artikkelen Lomheim fryktar Facebook øydelegg menneske
    • Korleis grunngir han denne frykta?
    • Korleis meiner du Facebook har endra måten folk kommuniserer på?
  4. Dei elektroniske media har gjort verda til ein global landsby, sa den amerikanske medieforskaren Marshall McLuhan i 1962.
    • Finn eksempel frå mediehistoria dei siste femti åra som stadfestar eller eventuelt problematiserer denne påstanden.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale