Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. FjernsynetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Fjernsynet

Utskriftsvennleg og lyttevennleg versjon av kapittelet om fjernsynshistoria i oppslagsverket Mediehistorier.

En familie ser på fjernsyn i 1030. Faksimile.
Ein familie får demonstrert fjernsynsapparatet til Baird i 1930

Dei mange fjernsynsfødslane

Da kong Olav V opna den første offisielle fjernsynssendinga i Noreg 20. august 1960, var mediet allereie gammalt. Men akkurat kor gammalt, er det ikkje så lett å bli einige om. Mediet som førte verda saman til ein global landsby, blei nemleg sjølv utvikla globalt.

Allereie i 1925 klarte skotten John Logie Baird å sende rørlege bilete gjennom lufta i eit varehus i London. Han fekk etter kvart i gang prøvesendingar i samarbeid med BBC. To sendarar måtte til, ein til bilete og ein til lyd. Til å begynne med hadde han berre den eine, så dei første seks månadene bestod sendingane av to minutt bilete og to minutt lyd etter kvarandre.

Baird, og andre oppfinnarar i USA, Russland og Japan, brukte mekaniske delar saman med elektronikk i apparata sine. Den første som kunne vise fram eit heilelektronisk system, var amerikanaren Philo Farnsworth i 1928. Han hamna i ein patenttvist med RCA der Vladimir Zworykin hadde utvikla eit liknande system. Farnsworth vann saka, og er blitt ståande som den siste av dei store oppfinnarane som heilt på eiga hand utvikla banebrytande ny teknologi.

«Fødselen til fjernsynet» blei annonsert med brask og bram i 1939 på verdsutstillinga i New York, sjølv om BBC da hadde hatt regelmessige sendingar i tre år. Sjølvaste president Franklin D. Roosevelt talte på skjermen. Publikum kunne prøve seg framfor kameraa, og RCA viste fram dei nye mottakarapparata sine, der nokre modellar måtte kombinerast med ein radio om ein ville høyre lyd saman med bileta.

Utviklinga fekk ein brå stopp da den andre verdskrigen braut ut. I dei krigsramma landa hadde folk anna å tenkje på, og ingeniørane trengtest til å utvikle radar og annan militær teknologi. «Eg trur eg kyssar deg no», var dei siste orda som gjekk på lufta før sendaren i London blei slegen av 1. september 1939. Den som fekk kysset, var Mikke Mus.

Men folk hadde fått ein forsmak, og da krigen var slutt, eksploderte interessa. I USA steig produksjonen av tv-apparat frå 178 000 i 1947 til 15 millionar fem år seinare. Halvparten av alle amerikanske heimar hadde ein tv i 1955. I Storbritannia voks talet på lisensar frå knapt 15 000 i 1947 til over ein million i 1951, og 3,2 millionar i 1954. Også i Frankrike og Sovjetunionen breidde tv-antennene seg ut over hustaka.

Tante veit best

«Set opp ei fjernsynsantenne på huset, så vil du bli forbløffa over kor mange venner du har i gata», skreiv ei engelsk avis i 1953.

BBC skulle nemleg dekkje kroninga av dronning Elizabeth II. Den elleve timar lange sendinga blei det definitive gjennombrottet for fjernsynet i Storbritannia. 20 millionar menneske følgde sendingane på dei to millionar fjernsynsapparata som fanst, halvparten som gjestar hos familie og naboar, akkurat som avisa hadde spådd. Ei meiningsmåling viste at 98 % var «fullstendig tilfreds» med sendingane.

Sjåarane kom gjennom tv-kameraa for første gongen tett innpå dei kongelege og andre samfunnstoppar. Det gav meirsmak. Nasjonale storhendingar blei frå no av mediehendingar.

BBC var lisensfinansiert, og derfor ikkje utsett for press frå næringslivet eller publikums smak slik som dei amerikanske kanalane var. Til gjengjeld skulle dei fungere som allmennkringkastar og vere uavhengig og nøytral. På folkemunne fekk dei tilnamnet «Auntie» (etter uttrykket «tante veit best») fordi somme av folkeopplysningsprogramma kunne bli litt vel oppdragande. I 1955 fekk dei konkurranse frå det kommersielle tv-nettverket ITN.

Britisk fjernsynsproduksjon blei tidleg kjend for dramaproduksjonar av høg kvalitet. BBC knytte til seg dyktige regissørar og oppretta ei eiga manusavdeling. Science fiction-serien «Dr. Who» starta i 1963. Den er blitt ein kultserie og blir framleis produsert, rett nok med ei pause frå 1989 til 2005. «Forsythe-sagaen» frå same året blei vist over heile verda, og til og med seld til Sovjetunionen. Mens amerikanske seriar ofte var actiondrivne og gjerne litt glamorøse, utmerka engelskmennene seg med karakterdrivne drama, anten det var påkosta historiske kostymedrama eller sosialrealistiske kriminalseriar.

«Ei enorm øydemark»

Kunnskapskonkurransar, familiekomediar heilt utan truverde, blod og tore, kaos, vald, sadisme, mord, westernskurkar, westernheltar, privatdetektivar, gangstarar, meir vald, og teiknefilmar. Uendeleg mykje reklame. Og mest av alt, keisemd.

Slik skildra Newton Minow ein typisk amerikansk tv-dag i 1961. Ei enorm øydemark, «a vast wasteland», spissformulerte han. Minow var leiar av FCC, medievaktbikkja til den amerikanske regjeringa, og ønskte seg meir folkeopplysning i tv.

Reklamekronene strøyma nemleg til det nye mediet, og 1950-åra blei på mange måtar ein gullalder for amerikansk tv-produksjon. Edvard R. Murrow, Walter Cronkite og andre radiostjerner frå krigstida flytte over i tv og bygde opp nyheits- og aktualitetsprogram. Dei populære radiohøyrespela blei omdanna til tv-seriar. Westernserien «Gunsmoke» («Krutrøyk» på NRK frå 1969–1974) begynte på radio i 1952, gjekk på tv frå 1955–1975 og blei med dei 635 episodane sine den lengste dramaserien nokon gong. Ein annen attraktiv programtype overteken frå radioen var kunnskapskonkurransane, som også sette norske tv-sjåarar på hovudet da NRK sende «Kvitt eller dobbelt» i 1960-åra.

Men det skulle vise seg at reklamefinansieringa hadde ei bakside i fjernsynet akkurat som i radioen.

Reklameinntektene på eit program er avhengig av kor mange som ser på, den såkalla sjåarmålinga eller ratinga. Og det var ikkje nødvendigvis kvalitet som trekte sjåarane til seg. Dessutan var kvalitetsprogramma ofte dyre å produsere. Finansieringsmodellen førte derfor til at store mengder billige, masseproduserte program som såpeoperaer og kunnskapskonkurransar fylte det meste av sendeflata.

Noen produsentar lét seg freiste til å ta ureielege metodar i bruk for å trekkje til seg sjåarar. Dei største kunnskapskonkurransane kunne ha opptil 64 000 dollar i premie, og mange av deltakarane blei kjendisar. Det blei ein stor skandale da granskingar viste at fleire konkurransar var rigga, og resultatet bestemt på førehand. Sjåaroppslutninga sokk som ein stein, og mange show blei kansellerte.

Tv-marknaden i USA var lenge delt mellom dei kommersielle nettverka ABC, CBS og NBC (pluss Fox frå 1986). I 1967 blei det oppretta ein allmennkringkastar, nettverket PBS, som blir finansiert av offentlege løyvingar og gåver frå sjåarar og næringsliv. Det er her den populære barneserien «Sesame Street» blir produsert.

Vi morar oss til døde

492 millionar dollar brukte Mitt Romney på tv-reklame da han kjempa om å vinne valkampen mot Barack Obama i 2012. Obama svidde av 404 millionar. Heile 80 % av kampanjebudsjetta til kandidatane blei brukt på tv. I tillegg samla dei tre tv-debattane til saman 192 millionar sjåarar. Det er altså ingen tvil om at fjernsynet speler ei viktig rolle i den amerikanske valkampen.

I presidentvalet i 1960 møttest kandidatane for første gongen til debatt på tv. 70 millionar sjåarar følgde sendinga. Nixon kom rett frå eit to vekers sjukehusopphald og hadde avslege å bli sminka. Skjeggstubbane syntest i det skarpe lyset, og han verka utilpass. Den unge demokratiske kandidaten, John F. Kennedy, var sommarbrun og roleg. Dei som følgde debatten på radio, meinte etterpå at Nixon hadde vunne, men tv-sjåarane heldt Kennedy som den beste. Forskarane er ueinige om det hadde nokon reell innverknad på valutfallet. Men hendinga viste at som følgje av tv-mediet blei det visuelle inntrykket ein viktig faktor også i politikken.

Den amerikanske medieprofessoren Neil Postman har skrive om korleis overgangen frå ein skriftbasert til ein biletbasert kultur har endra den offentlege samtalen. På 1800-talet kunne folk møte fram i hopetal for å høyre ein politikar argumentere i ein time eller to for politikken han ville føre. I 1962 tapte Nixon for Kennedy i presidentvalet blant anna fordi han ikkje såg bra ut på tv-bileta.

Politiske val liknar i vårt biletbaserte mediesamfunn meir og meir på popularitetskonkurransar, og uvesentleg kjendisstoff og underhaldning fyller stadig større del av nettavisene. «Vi morar oss til døde», spissformulerte Postman.

Seremonimeisteren

Folk stod tett på fortaua og jubla mot følgjet som køyrde gjennom Dallas sentrum den 22. november 1963. Frå ein open bil vinka den unge presidenten og hans populære First Lady tilbake. Plutseleg kunne ein høyre skott. Presidenten rykte til og fall saman mot Jacqueline. Bilane raste av garde til nærmaste sjukehus, men det var lite å gjere. Ein halv time seinare var president Kennedy erklært død.

I tv-selskapet CBS fekk Walter Cronkite høyre om skotta mens han åt lunsj. Han var ein av dei reporterane som var blitt berømt for radioreportasjane sine frå krigen i Europa, og var no ein svært respektert ankermann i tv-nyheitene. Ei meiningsmåling hadde kåra han til den mest truverdige mannen i Amerika. Utan manus gjekk han på lufta og fortalde om den forferdelege hendinga. Da han ein time seinare måtte gjere kjent at presidenten var død, blei røysta grautete, og han måtte stanse for å tørke bort nokre tårar.

Enorme sjåarmengder samla seg rundt fjernsynsapparata, ikkje berre i USA, men også i Europa der den nye satellitteknologien gjorde det mogleg å overføre hendingane direkte. «Inntil da hadde tv vore eit teater eller ein stadion», var det ein som sa. «Plutseleg blei det eit slags kapell der amerikanarane kunne halde Cronkite i handa. Han var anker og prest for alle.»

Det skulle ikkje bli ei einskildståande hending. Fjernsynet har vist seg å ha ein heilt spesiell evne til å samle eit folk i sorg. Britane opplevde det da lady Diana døde. Sjølv opplevde du det ganske sikkert i dagane etter tragediane i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. I to–tre veker etterpå var media prega av forteljingane til dei etterlatne, dei skadde, redningsmannskapar og politi. Dei dekte rosetog, minnestunder og gravferdsseremoniar. Reporterane viste eigne kjensler. For ei stund la media si vanlege konfliktorienterte og granskande rolle til side og fungerte som ein samlande nasjonal seremonimeister, ein sekulær prest. Fjernsynet spegla sorga til folket.

Krigen i stova

«Den verste fienden vi har, ser ut til å vere pressa», sa president Richard Nixon i 1971. Dagleg bringa fjernsynet det gruelege ved Vietnamkrigen heim i stovene til folk. Oppslutninga om krigen sokk som ein stein etter at tv-kanalane byrja antyde at han ikkje ville vere mogleg å vinne.

USA tapte først mediekrigen, er det blitt sagt. Deretter tapte dei Vietnamkrigen. Seinare forsking har rett nok vist at saka kan vere meir komplisert enn som så. Men det er liten tvil om at fjernsynet var i ferd med å bli det mediet som sterkast påverka den offentlege meininga.

Tv-bileta er så sterke fordi vi oppfattar dei som verkelegheit. Vi gløymer lett at dei berre viser eit utsnitt av verkelegheita, og at vi kanskje tolkar dei feil.

Kanskje hugsar du bileta av jublande irakarar som velta ein kjempestatue av Saddam den dagen amerikanarane hærtok Bagdad. Nyheitskanalane tolka dei som ei storhending som markerte den endelege sigeren til amerikanarane, og sende dei om og om igjen med få minutts mellomrom.

I verkelegheita bestod folkemengda berre av nokre få hundre på det meste, mange av dei journalistar og soldatar. Andre stader i byen var det motstand og plyndring som ikkje blei rapportert, men som var mykje meir i samsvar med krigen som følgde. Her kan du sjå journalisten Peter Maass’ forteljing om kva som verkeleg hende på Firdosplassen den dagen.

Den globale landsbyen

Bildet på skjermen var ikkje akkurat i HD. Ein grå skugge bevegde seg ved foten av noko som kunne sjå ut som ein stige. Flekkar av kvitt, skarpt lys flimra mot ein mørk bakgrunn. Ei uklar røyst: «It’s one small step for man, one giant leap for mankind.» Likevel sat 600 millionar menneske klistra til tv-skjermane over heile jorda, det største publikummet til da i det som var i ferd med å bli ein global landsby, ei verd der alle snakka om det same samtidig.

Da Apollo 11 landa på månen sommaren 1969, var det allereie sju år sidan den første tv-sendinga blei send samstundes på begge sidene av Atlanterhavet. Det var dei nye kommunikasjonssatellittane som gjorde det mogleg. Telstar blei sett i drift sommaren 1962. Dei aller første direkteoverførte bileta var av fridomsstatuen i New York og Eiffeltårnet i Paris. Sendinga inneheldt elles diverse sportsinnslag og ein pressekonferanse med president Kennedy.

I 1980-åra blei det laga eigne tv-kanalar med bestemte typar innhald som berre blei sende via satellitt, anten til lokale kabelnett eller direkte til private parabolantenner. CNN sende nyheiter døgnet rundt, og MTV musikkvideoar.

Tilbake i 1960-åra hadde medieforskaren Marshall McLuhan skildra korleis verda ville skrumpe inn til ein «global landsby» når den elektriske kommunikasjonsteknologien blei i stand til å spreie informasjon til alle frå alle stader samstundes.

Men informasjonen hadde ein lei tendens til å gå berre ein veg. I 1980 kritiserte ein UNESCO-rapport den einsidige flyten av informasjon og kultur frå den rike delen av verda. I mange land var det vestlege kommersielle interesser som hadde bygd ut fjernsynet for å få tilgang til nye marknader. Flaumen av amerikanske tv-program og reklame førte til eit press på lokal kultur.

Men auka informasjon utanfrå bidrog også til at jernteppet fall.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale