Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. RadioChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Radio

Utskriftsvennleg og lyttevennleg versjon av kapittelet om radiohistoria i oppslagsverket Mediehistorier.

Vatikanradioen ble offisielt innviet 12. februar 1931 med pave Pius XI og Guglielmo Marconi tilstede. Foto.
Paven lyttar til Guglielmo Marconis radioutsending i 1909

SOS

Det blir fortalt at Jack Phillips, telegrafisten på Titanic, ikkje heldt opp med å sende ut naudsignala før han følgde skipet til botnar.

Berre ei dryg mil unna låg skipet Californian og venta på dagslys. Ho kunne rokke fram i tide med hjelp. Men telegrafisten var gått til køys. Like før hadde han telegrafert Titanic og åtvara om isen, men fått kontant beskjed om å halde kjeft og ikkje forstyrre fordi ein hadde meir enn nok å gjere med å ta imot nyheiter og aksjekursar som passasjerane ville forlange neste morgon.

Men vent ein augneblink. Var det ikkje slik at telegrafen blei send gjennom leidningar? Korleis kunne han da bli brukt ombord på eit skip?
Radiotelegrafen, elektriske impulsar sende gjennom lufta, var den store nyheita rundt det førre hundreårsskiftet.

Interessa var blitt vekt i 1859 da valdsame nordlys slo ut telegrafsystem over heile kloten og telegrafistane blei slegne medvitslause av sterke elektriske støytar. Kor straumen kom frå, var eit mysterium. Ein skjønte berre at det måtte vere ein samanheng mellom magnetismen i nordlyset og elektrisiteten i leidningane.

Tyskaren Heinrich Hertz klarte i 1880-åra å skape elektromagnetiske bølgjer i laboratoriet. Men kva kunne det brukast til, spurde studentane. «Det er ikkje til noka som helst nytte», svarte han.

Den som først klarte å gjere det til noko nyttig, var irsk-italienaren Guglielmo Marconi. Han fekk til å sende elektromagnetiske impulsar over lengre avstandar og skjønte korleis han kunne tene pengar på det. Han tok kontakt med det britiske postverket som akkurat da hadde teke over det siste private telegrafselskapet. I 1897 demonstrerte han korleis han trådlaust kunne sende telegramma over ein avstand på heile seks kilometer. Dei neste åra klarte han å utvide rekkjevidda. I 1900 var radiotelegrafen som Marconi hadde patentert, i bruk på dei fleste store havgåande skipa og redda mange menneskeliv.

Titanic-forliset viste at den nye teknologien hadde nokre svake sider. Det blei innført lover som påla alle skip å lytte etter naudsignal døgnet rundt. Det blei også utvikla teknologi som gjorde det mogleg å sende på ulike frekvensar, slik at fleire kunne kommunisere samstundes.

Radiogalskap

Julaftan 1906. I skipa rundt Cape Cod på austkysten av USA sat telegrafistane og lytta til morsesignala i øyretelefonane sine. Plutseleg høyrde dei noko merkeleg. Ein fiolin … kunne det verkeleg vere ein julesong? Og så ei menneskeleg røyst som las frå Bibelen. Det var sikkert meir enn éin telegrafist den kvelden som lurte på om heimlengsla var blitt så sterk at han hallusinerte.

Det dei høyrde, var eit tidleg eksperiment med radio. Den kanadiske oppfinnaren Reginald Fessenden hadde klart å utvikle eit system som kunne kringkaste musikk og tale over radiobølgjene. No hadde han bygd ein sendestasjon for å få gjennomslag for teknologien. Men verken telefonselskapet AT&T eller Marconi som laga radiotelegrafen, var interessert.

Den første nyheitssendinga på radio gjekk på lufta hausten 1920 frå ein stasjon i Michigan i USA. Fleire radiostasjonar blei starta både i USA og andre land. Dei sende konsertar, sport og anna underhaldning i tillegg til nyheiter.

Radiolyttarane var 1920-åras nerdar. Unge menneske bygde sine eigne krystallapparat og leita seg fram til dei fjernaste stasjonane på eteren. Meir avanserte mottakarar fekk bein å gå på i butikkane. Den månadlege produksjonen av radiorøyr auka frå 5 000 i 1921 til over 200 000 i juni 1922, og 125 millionar i 1930. Fenomenet fekk til og med eit eige namn: radiogalskapen, «the radio craze».

Dei lytta til det dei fann. I 1927 var det 732 stasjonar i USA. Nokre av dei samarbeidde i dei to nettverka NBC og CBS som framleis er to av dei store tv-nettverka. Det tredje store, ABC, blei danna da NBC blei delt i 1943.

To system

Radio er annleis enn aviser på den måten at det er berre eit visst tal stasjonar som kan sende samstundes utan at dei øydelegg for kvarandre. Det blei derfor tidleg klart at nokon måtte regulere marknaden.

I USA oppretta kongressen Federal Radio Comission (FRC, seinare FCC) i 1927. Dei delte ut frekvensar til stasjonane og stilte visse minstekrav til innhaldet. Stasjonane blei framleis privateigde, og dei store nettverka fekk mykje makt. Utstyr og programproduksjon blei finansiert ved reklame.

Det var ofte slik at eit firma sponsa ein heil programserie, og derfor fekk stor innverknad på innhaldet. Da stjernereporteren Edward R. Murrow i ein reportasje frå den krigsherja italienske byen Anzio nemnde at ordføraren var både katolikk og kommunist, fekk han klar beskjed frå direktøren i suppefabrikken som sponsa sendingane, at han måtte vere meir pro-amerikansk.

Ei anna følgje av det amerikanske systemet var at programma etter kvart blei veldig kommersielle. Stasjonane satsa på lett underhaldning som gav høge lyttartal og dermed tilsvarande store reklameinntekter, og som dessutan var billige å produsere.

I Storbritannia og Europa elles blei radioen organisert på ein annan måte. Kringkastingsselskapet BBC blei danna i 1922 av det britiske offentleg eigde postvesenet saman med seks privateigde selskap. Engelskmennene var engstelege for at reklamefinansiering ville svekkje kvaliteten på sendingane. I staden innførte dei ein lisens, som var ei avgift alle som hadde eit radioapparat, måtte betale. Men det var vanskeleg å forsvare dersom private eigarar skulle ta ut profitt av selskapet. I 1927 blei BBC omdanna til eit selskap som var uavhengig av både styresmakter og næringsliv, med lisensinnbetaling som einaste inntektskjelde.

BBC var det vi kallar ein allmennkringkastar. Programma skulle tene nasjonen og var prega av kultur og folkeopplysing. Dei blei eit førebilete for norske NRK og mange andre nasjonale kringkastarar i Europa.

Elektronisk peiskos

Det var eigentleg berre meint som ein Halloween-spøk. Men lyttarane fekk panikk. Hundretusenar flykta ut på gatene. Til alt hell blei ingen drepne i kaoset, som resulterte i 12 500 avisartiklar berre den første månaden etterpå.

Høyrespelet «Klodenes kamp» blei sendt på CBS 31. oktober 1938. Det var laga av den unge regissøren Orson Welles etter ein roman av H.G. Wells. Boka handlar om marsbuarar som landar i New Jersey, slepp ut ei sky av giftgass, tek over New York, og til slutt blir utsletta av bakteriar. Ikkje akkurat enkelt å få ei sånn historie til å verke overbevisande. Så for å gjere det i alle fall litt meir truverdig, fann han på å ramme inn historia i ein serie nyheitssendingar.

Vi er, som du sikkert skjønner, midt i det vi kallar radioens gullalder. Den tida da «alle» samla seg rundt radioapparata på kveldane, og hadde dei same programma å snakke om dagen etter. Tida før fjernsynet tok over. I USA var det 1930- og 40-åra, i Noreg 1950-åra.

Radioen batt nasjonen saman på ein måte som kan vere vanskeleg å førestelle seg i dag. President Roosevelt heldt regelmessige «fireside chats» i radioen for å leie folket gjennom depresjonen i 1930-åra og vekkje dei til kamp mot fascismen under andre verdskrigen. Både Winston Churchill og Adolf Hitler heldt dei store talane sine i radioen. I Noreg gjorde Vidkun Quisling statskupp i ei radiosending.

Kva høyrde folk på? Til å byrje med var programmet sjølv i amerikansk radio kva vi ville kalla ganske finkulturelt. NBC sende for eksempel leksjonar i musikkunnskap, høyrespel basert på teaterstykka til Shakespeare, politiske debattar og symfoniar.

Men det vara ikkje lenge før lettare underhaldning tok over eteren. Komikarar, populærmusikk, høyrespel og barneprogram var populære. Problemet var at radioen var så effektiv som reklamekanal. Og det annonsørane ville ha, var naturleg nok program som samla flest mogleg lyttarar.
Men i Storbritannia, Noreg og andre land med lisensfinansiert kringkasting, dominerte føredrag og seriøs musikk programflata til langt ut i 1950- og 60-åra. Ungdom som ville høyre den nye popmusikken, var viste til å peile inn utanlandske kommersielle stasjonar som Radio Luxembourg på mellombølgja.

This is London

Det 245 meter lange luftskipet med 97 menneske og 200 000 kubikkmeter hydrogengass om bord eksploderte i eit inferno av flammar da det nærma seg fortøyingsmasta i Lakehurst, New Jersey, 6. mai 1937. Det var den første transatlantiske luftskipsturen til USA dette året, og radiojournalisten Herbert Morrison hadde møtt fram for å dekkje innkomsten for eit radioprogram som skulle sendast neste dag. Den sendinga er blitt ei av dei mest kjende i mediehistoria. Du finn henne på YouTube saman med eit filmopptak av ulukka.

Hindenburg-reportasjen var berre eitt av ei rekkje døme som i 1930-åra demonstrerte kor sterk radioen var i nyheitsformidlinga. Bakgrunnslyd frå det som skjedde, og kjenslene som kom til uttrykk i røysta til reporteren, gav publikum ein heilt ny nærleik til hendingane.
Avisene tok i bruk alle dei middel dei hadde for å motarbeide den farlege konkurrenten. Allereie i 1922 hadde BBC i Storbritannia måtta inngå ein avtale med avisene og telegrambyråa om ikkje å sende nyheiter før klokka 19, i tillegg til andre restriksjonar. I 1933 gjekk telegrambyråa saman om å boikotte dei amerikanske radiostasjonane og rettsforfølgje dei som likevel sende nyheitene deira. Stasjonane måtte også her gå med på berre å ha sendingar på kveldstid og vise lyttarane til avisene for fleire detaljar.

Men da krigen nærma seg, blei behovet for nyheiter så stort at avisene slutta å bekymre seg om konkurransen. Den andre verdskrigen blei eit gjennombrott for radioen som nyheitsmedium.

I Storbritannia hadde BBC heile ti daglege nyheitsbulletinar på det meste. 16 millionar lyttarar samla seg rundt radioapparata ved sendinga klokka 21, det var halvparten av den vaksne befolkninga i landet. Sendinga blei eit samlingspunkt for nasjonen, «nesten like heilag som familieandakten ein gong skal ha vore», ifølgje BBC-historikaren Asa Briggs.

Ein av dei amerikanske reporterane som blei mest kjend, var Edvard R. Murrow. Han stod med mikrofonen på hustaka i London under blitzen mens han skildra bombene som fall rundt han, og innbyggjaranes viljefastleik og mot. Da han kom til London i 1937, blei han nekta medlemskap i klubben til pressekorrespondentane fordi han arbeidde i radio. Da krigen slutta, var han president i klubben.

I andre rekkje

Kor oppheld du deg når du lyttar på radio?

Neppe i godstolen framfor eit radioapparat i stova. Der er det gjerne ein tv-skjerm som dominerer. Mange spådde at radioen ville forsvinne da fjernsynet kom marsjerande i 1950-åra, men det gjorde han ikkje. I staden forandra han seg til det vi kallar eit sekundærmedium.

Det kravde ikkje mykje merksemd å lytte på radio. Det kunne ein gjere mens ein strikka, laga mat, eller for den sakas skuld las lekser. Da reiseradioane og bilradioane kom, kunne ein også ta radioen med seg på heilt nye stader.

Det var på denne tida at populærmusikken tok over radioen. Hi-fi-standarden skapte ein boom i platebransjen. Stasjonane som tidlegare mest hadde spelt live-musikk, tok no platemediet i bruk. Lokale radiostasjonar utvikla eit heilt nytt programformat, Top-40, ein slags konkurranse mellom artistar om kva plate som selde best. Det var billige program å produsere, dei kravde ikkje anna enn ein DJ som spelte platene og prata litt innimellom. Det var dessutan greie program å lytte til mens ein heldt på med noko anna.

Salet av dei mest spelte platene skaut i veret og plateselskapa gnei seg i hendene. Mange lét seg freiste til å betale pengar under bordet for å få sine artistar spelte, ein praksis som blei kalla «payola». Så mykje som 22 000 dollar skal ha blitt betalt for å få ei låt spelt. Det kom fram da den amerikanske kongressen tok fatt i problemet og stramma inn på lovgivinga.

Også i Europa måtte radioen forandre seg da fjernsynet tok over plassen i stova, det tok berre litt lengre tid. I 1964 fekk BBC konkurranse av ei rekkje piratstasjonar som sende frå skip som låg oppankra i internasjonalt farvatn utanfor den engelske kysten. Regjeringa blei pressa til å tillate nasjonale reklamefinansierte radiokanalar. Konkurransen førte til at også BBC la meir vekt på populærmusikk og andre programformat med appell til lyttarane.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale