Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. FilmenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Filmen

Media i utvikling. Utskriftsvennleg og lyttevennleg versjon av kapittelet om filmhistoria.

Ei oppfinning utan framtid

«Film er ei oppfinning utan framtid.»

Opphavsmennene til denne glitrande analysen er dei to brørne Auguste og Louis Lumière. Dei hadde i 1894 patentert kinematografen, ei innretning som kunne både ta opp, framkalle og projisere levande bilete. I romjula året etter heldt dei den første offentlege filmframsyninga i verdshistoria på ein kafé i Paris. Programmet bestod av ti korte opptak med titlar som «Arbeidarane forlèt fabrikken» og «Barnets frukost». Det vakte valdsam interesse.

I USA hadde Thomas Alva Edison patentert kinetoskopet året før kinematografen til Lumière-brørne. Mens dei filma dagleglivet ute på gata, bygde han eit studio han kalla Svarte Maria, og filma menneske som gjorde heilt vanlege ting som å nyse, danse og snakke.

Det hadde lenge vore ei kjend sak at bilete som blei viste i rask rekkefølgje, kunne skape ein illusjon av rørsle. Det fanst innretningar med namn som phenakistoskopet, praksinoskopet og zoetropen. Fotografen Eadweard Muybridge klarte i 1870-åra å fange ei rørsle i ein biletserie ved å utløyse ei rekkje kamera etter kvarandre. Men det var celluloidfilmen på rull, som kom midt i 1880-åra, som gjorde filmen mogleg.

Dei første filmane gjengav verda utan noko anna føremål enn å vise henne. Det var interessant berre så lenge det var nytt. Georges Méliès tok teknikken eit steg vidare. Han bygde i 1897 det første eigentlege filmstudioet. Her eksperimenterte han med levande skodespelarar, dokketeater og modellar, og utvikla ei rekkje av spesialeffektane som blir brukte i filmmediet. Fiksjonsfilmen Reisa til månen frå 1902 blei ein verdssuksess både kunstnarisk og kommersielt.

Fram til første verdskrigen var det Frankrike som leidde utviklinga av filmindustrien. To tredelar av filmane som blei viste i verda i 1910, var franske. Den største leverandøren av underhaldningsfilm var Charles Pathé. Danske Nordisk Film var det nest største filmselskapet i verda.
Forråande og verdilaus

«Filmen findes at maatte virke forraende ved sine mord og pinsler, specielt overfor barn, og maa for voksne betegnes som verdiløs.» Dette skreiv Statens Filmkontroll 6. desember 1913 i grunngivinga for å forby filmen Reddet i sidste øieblik, den første filmen som blei forboden vist i Noreg.

Ingen andre medium har blitt så systematisk kontrollert og sensurert av styresmaktene og av bransjen sjølv, som filmen. Tabloidavisene selte rekordopplag på sensasjonsoppslag om brotsverk og prostitusjon. Men når filmane behandla dei same temaa, blei dei forbodne.

Heilt frå byrjinga av blei film sett på som sterkare enn andre medium. Folk dukka seg i kinosalane i 1890-åra når eit tog kom køyrande mot dei på scena, akkurat som dei gjorde da dei første 3D-filmane blei viste eit hundreår seinare.

Filmen speler på fleire sansar. Ikkje noko anna medium skaper ein så sterk illusjon av verkelegheit med så liten innsats frå sjåaren. Mange uroa seg derfor over korleis den ville verke inn på haldningane og moralen til folk. «Den som kontrollerer filmindustrien, kontrollerer det mest kraftfulle mediet til påverknad på folket», sa Thomas Edison.

Edison hadde i 1908 fått med seg andre filmprodusentar i eit monopol som dominerte marknaden i USA fram til første verdskrigen. Her innførte han sensur og ekskluderte alt han syntest var umoralsk. I 1922 påla filmindustrien seg sjølvsensur gjennom ei foreining som seinare blei heitande the Motion Picture Association of America (MPAA). «Ingen film skal produserast som svekkjer den moralske standarden til dei som ser han», var hovudregelen. Skurkane skulle aldri vinne. Naken hud, dampande sexscener og homoseksualitet var strengt forbode. I 1960-åra blei dette endra til det aldersgrensesystemet du kanskje har sett på amerikanske filmar: G, PG, PG-13, R og NC-17.

Dei fleste land har ei form for filmsensur. I Noreg er det staten som godkjenner filmane. Statens Filmkontroll blei oppretta i 1913. I dag er det Medietilsynet som sensurerer film.

Filmspråket

Akkurat som dei første trykte bøkene likna på dei som munkane hadde kopiert for hand, såg dei første filmane ut som teaterførestellingar.

Den eigentlege filmhistoria startar etter det mange meiner, med David Wark Griffith, far til den amerikanske forteljande filmen. Med filmane En nasjons fødsel (1915) og Intolerance (1916) starta han utviklinga av det filmspråket som enno blir brukt i spelefilm.

Griffith tok i bruk ulike biletutsnitt, kamerarørsler og kameraposisjonar for å forsterke det dramatiske innhaldet i scenene. Han etablerte kontinuitetssystemet for å få forteljinga til å opplevast som ei samanhengjande kjede. Parallellhandlingar bygde opp spenning og intensitet. Den sosiale konflikten blei sett gjennom einskildmenneske, og han brukte sentimentalitet og patos for å gi tilskodarane eit kjenslemessig forhold til karakterane.

Dette filmspråket følgde dei klassiske realistiske normene som på 1800-talet var vanlege innanfor andre kunstformer, som i romanane til Charles Dickens og i Henrik Ibsens drama. Men som i kunsten elles, voks det også i filmen fram andre retningar.

Den tyske ekspresjonistiske filmen brukte stiliserte kulissar og spelestil, perspektivforvrengingar og dramatisk lyssetting for å utforske undermedvitet. Sentrale verk er skrekkfilmen Dr. Caligaris kabinett av Robert Wiene (1920) og framtidsvisjonen Metropolis av Fritz Lang (1926).

Russaren Sergej Eisenstein var oppteken av sjølve klippinga og skapte ei retning som blei kalla montasjefilm. I den klassiske forteljande filmen skal klippa vere usynlege slik at dei ikkje forstyrrar illusjonen av verkelegheit. Eisenstein sette saman bilete som stod i kontrast til kvarandre for å skape assosiasjonar som kunne forsterke innhaldet i filmen.

Det kunne gjerne vere bilete som ikkje høyrde heime i handlinga i det heile teke, som når han klipte opptak av kveg som blir slakta, saman med ein massakre av streikande arbeidarar i filmen Streik (1924).

Andre gonger arbeidde han med rørsler. I den berømte trappescena frå Panserkrysseren Potemkin (1925) sette han saman ein serie klipp av marsjerande soldatar og menneskemassar i flukt nedover trappa med ei motsett rørsle, ei mor som sakte, høgtideleg ber den døde sonen sin oppover.

Mange av våre dagars musikkvideoar byggjer vidare på desse retningane.

Taushet er gull

Da Jack Warner, sjefen for filmselskapet Warner Brothers, ombestemde seg, var det allereie for seint. Bygginga var i gang. Eit lydstudio til 10 000 dollar blei reist. Det var eit risikoprosjekt, og forventningane var låge. Men skeptikarane tok feil. Den aller første lydfilmen, The Jazz Singer, blei ein overveldande suksess. Stumfilmtida var over.

Fram til 1927 blei alle filmar viste utan annan lyd enn levande musikk som blei spelt under framsyninga. Det hadde faktisk sine fordelar. Eit lite land som Danmark kunne bli ein av verdas leiande filmeksportørar fordi språkbarrieren ikkje fanst. Utstyret var etter kvart relativt kompakt, og ein kunne filme kor som helst utan å bekymre seg for støy frå omgivnadene. Mange av filmane blei også meir kunstnariske fordi filmskaparane måtte klare å formidle handlinga visuelt utan hjelp av dialog.

Under første verdskrigen stansa mykje av den europeiske filmproduksjonen opp, og USA tok over marknaden. Hollywood etablerte seg som den store filmbyen. Dei første stjernene blei skapte. Charlie Chaplin signerte i 1916 ein kontrakt med eit filmselskap på over ein halv million dollar. Det var berre to år etter at han opptredde som den berømte landstrykaren for første gong. Tre år seinare grunnla han filmselskapet United Artists saman med andre stjerner som D.W. Griffith, Mary Pickford og Douglas Fairbanks.

Ein annen meisterleg filmskapar frå stumfilmtida var Buster Keaton, kjend for dramatiske stunts som han utførte med stor fare for sitt eige liv.

Filmfabrikkane

Veit du kvifor det nettopp var Hollywood som i 1920-åra blei USAs filmby? Jo, blant anna rett og slett fordi han låg så nær grensa til Mexico.

Thomas Edison hadde nemleg patent på filmkameraet han hadde oppfunne, og han handheva patentet strengt. Eigde ein eit kamera utan å ha betalt lisens, kunne det vere greitt med ein kjapp tur over grensa når rykta gjekk om at agentane til Edison var på veg.
Dessutan gjorde klimaet det mogleg å filme ute året rundt.

Den første filmen blei skoten i Hollywood i 1910. Men det er åra frå 1930 til 1945 som blir rekna som gullalderen for Hollywood-filmen. Åtte store filmselskap dominerte produksjonen, som dei organiserte etter samlebandsprinsippet akkurat som i ein fabrikk. Tusenvis av tilsette arbeidde der, både skodespelarar, produsentar, regissørar, forfattarar, stuntmenn, handverkarar og teknikarar. I 1930-åra spytta desse fabrikkane i Hollywood ut nesten 500 filmar i året. Den dominerande stillinga deira gjekk langt ut over grensene til USA. På norske kinoar har amerikanske filmar stått for 60–65 % av tilbodet heilt sidan den tida.

Underleg nok klarte dei store filmfabrikkane å skape nokre glitrande filmar. Nokre av dei har du kanskje sett, som for eksempel Tatt av vinden, Casablanca, eller Citizen Kane. Kanskje har du også høyrt om filmstjerner som Clark Gable, Greta Garbo, Marlon Brando, Katharine Hepburn, John Wayne, Humphrey Bogart, Ingrid Bergman eller Marilyn Monroe.

Dei fleste filmane blei kokte saman etter oppskrifter som blei utvikla i 1920-åra. Westernfilmar, kostymedrama, musikalar, komediar, teiknefilmar og skrekkfilmar var blant dei vanlegaste sjangrane. Nye sjangrar oppstod også, som for eksempel film noir; mørke krimfilmar med hardhuda, men blauthjarta detektivar i hovudrolla. Ta ein titt på Malteserfalken med Humphrey Bogart, om du ikkje har sett han.

Filmselskapa laga ikkje berre film. Dei eigde også kvar sine kinokjeder der dei sjølve kunne bestemme repertoaret. I tillegg hadde dei stor makt over uavhengige kinoar, som blei tvungne til å kjøpe pakker som inneheldt B-filmar av låg kvalitet i tillegg til hovudfilmane. Misnøye med denne ordninga førte til at høgsterett i 1948 løyste opp makta produsentane hadde over kinoane. Saman med konkurransen frå det nye tv-mediet var dette ein av grunnane til at Hollywood etter kvart mista den dominerande stillinga si.

Propagandafilmens triumf

Den andre verdskrigen skulle vise at Thomas Edison hadde rett da han sa: «Den som kontrollerer filmindustrien, kontrollerer det mest kraftfulle mediet til påverknad på folket».

Det byrja med meisterregissøren Leni Riefenstahls Viljens triumf frå 1935. Den handlar om partimøtet til nasjonalsosialistane i Nürnberg og bruker lange køyringar, pompøs musikk og ei meisterleg klipping for å skape eit triumferande bilete av Hitler. Riefenstahl var fleire år i varetekt etter krigen, men blei ikkje dømd for krigsbrotsverk. Ho forsvarte seg med at ho ikkje hadde visst om konsentrasjonsleirane, og at kunstnarane dessutan ikkje kan stillast til ansvar for dei politiske problema kunsten deira måtte skape.

Regissøren Fritz Hippler leidde filmavdelinga i Joseph Goebbels propagandaministerium. Dei laga filmen Den evige jøde, der jødane blei framstilte som rotter og andre skadedyr. Ved å ta frå ei heil folkegruppe menneskelege trekk, var han med på å rydde vegen for folkemordet som følgde.

På den andre sida av Atlanterhavet brukte Chaplin humor i kampen mot nazismen. I Diktatoren frå 1940 speler han ein jødisk barberar som blir forveksla med diktatoren Adenoid Hynkel. På denne tida var det berre få menneske i USA som forstod kva nazismen kunne føre til. Den offisielle politikken i Hollywood var at politiske bodskapar skulle unngåast, og at alle land skulle framstillast med respekt. Da Chaplin blei spurd om han var jøde sjølv, svara han: «Eg har ikkje den æra».

Det blei etter kvart laga ei rekkje filmar i USA som skulle auke krigsmoralen i militæret og i befolkninga elles. Sjølv Disneys Donald Duck hadde eit gjestespel i teneste for propagandaen i filmen Der Fuehrer’s Face.

Størst innverknad fekk dokumentarserien Why We Fight, som Frank Capra produserte i 1942. Serien var bestilt av forsvarsdepartementet for å auke kampviljen hos soldatane, men president Roosevelt syntest han var så viktig at han fekk han vist på kinoane over heile landet.

Nye bølgjer

Da krigen var slutt, strøymde det igjen ein flaum av lette underhaldningsfilmar ut frå Hollywood-fabrikkane. Men i konkurransen med det nye fjernsynsmediet tørka mykje av inntektene frå kinoframsyningane inn. For å trekkje folk til kinoane, blei det laga storfilmar i breiformat, Ben Hur er eit eksempel på det, og det blei eksperimentert med 3D.

I Europa gjekk ein nye vegar for å møte flaumen av amerikanske filmar. Den nye bølgja var ei rørsle på ei rekkje franske filmar i slutten av 1950-åra (Hiroshima, min elskede, Til siste åndedrag og andre). Dei nytta eit personleg filmspråk prega av handhaldne kamera, improvisasjon, og klipping som stadig braut illusjonen av verkelegheit.

Ei anna europeisk retning var italiensk neorealisme. Han forkasta Hollywoods oppkonstruerte intrigar og profesjonelle skodespelarar, og tok kameraet ut i gatene for å vise verkelegheita. Okkupasjonsdramaet Rom – åpen by (1945) av Roberto Rossellini vann ei rekkje internasjonale prisar.

Over heile verda var kulturen i endring i 1960-åra. Ungdommen vende seg frå ideal som patriotisme og heltemot til toleranse og vekt på indre personleg vokster. Hippierørsla voks fram. Også Hollywood-filmane forandra seg, og antiheltane dukka opp på skjermen. Krigs- og westernfilmane handla meir om personlege tragediar og menneskelege verdiar enn heltemot i kamp. Rasemotsetningane blei tematiserte (Drep ikke en sangfugl, 1962), ungdomsopprøret (Rotløs ungdom, 1955) og fridomslengsla (Easy Rider, 1969).

Blockbusters

Dei tre filmane i trilogien Ringenes herre (2001–2003) kosta nesten 300 millionar dollar å lage. Dei spelte inn tett på tre milliardar. Dei gjekk på kino og tv over heile verda, blei selde på DVD og Blu-ray, og håva inn pengar på sal av dataspel, leiketøy, bøker, teikneseriar, kostyme og mykje anna. Velkommen til the Blockbuster.

Ein blockbuster er ei forteljing med stor appell i ei spektakulær innpakning som kan fungere i ei rekkje medium, og som derfor har eit stort potensial for inntening.

I dag er filmselskapa i Hollywood blitt ein del av den internasjonale medieindustrien. Dei lagar ikkje lenger filmane sjølve, men finansierer og marknadsfører produksjonar for sjølvstendige filmskaparar. Spektakulære filmar kan tene inn verkeleg store pengar om dei lykkast, og er naturleg nok enklast å finansiere. Frå Haisommer i 1975 til Avatar i 2009 har spesialeffektane vore ein vesentleg del av dei fleste storfilmane.

Men det finst likevel rom for såkalla mainstream-produksjonar med kjende namn på rollelista. Budsjetta er lågare, og risikoen dermed mindre, og filmar som Pretty Woman og Alene hjemme-filmane har vist at dei kan vere svært lønsame.

Ein tredel av filmmarknaden i dag består av uavhengige produksjonar med låge kostnader som gjerne rettar seg mot spesielle grupper innanfor publikum.

Frå Hollywood til Bollywood

Seks millionar tilsette produserer tusen filmar i året. Dei omset for åtte–ti milliardar dollar. Vi snakkar ikkje om Hollywood, men Bollywood.

Det største filmproduserande landet i verda er faktisk ikkje lenger USA, men har sidan midten av 1970-åra vore India.

Bollywood er blitt ei nemning ikkje berre på sentrum for filmproduksjon i India, Mumbai (tidlegare kalla Bombay), men for ein eigen filmsjanger. Bollywoodfilmane er ofte overdådige kjærleikshistorier prega av fargerike kostyme og kulisser og talrike innslag av musikk og dans. Som ei følgje av det multikulturelle samfunnet, har dei fått aukande popularitet også i Vesten.

Etter at det er blitt mogleg å kjøpe film på DVD og på nettet, har filmar frå andre land lettare kunna konkurrere med amerikanske filmar. Den kinesiske kampfilmen Snikende tiger, skjult drage blei valdsamt populær i USA og Europa i 2000. Eksempel på andre ikkje-amerikanske suksessar er franske Amélie og indiske Slumdog Millionaire.

Enkelte filmar blir no spelte inn på fleire språk slik at dei lettare kan konkurrere på den internasjonale marknaden. Quentin Tarantino laga filmen Inglourious Basterds (jo, det blir faktisk stava sånn!) på både tysk, fransk og engelsk.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale