Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. TelekommunikasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Telekommunikasjon

Utskriftsvennleg og lyttevennleg versjon av kapittelet om telekommunikasjon i oppslagsverket Mediehistorier.

Samuel Morse sender det første telegrammet omgitt av mange menn. Illustrasjon.
Samuel Morse sender det første offentlege telegrammet 24. mai 1844. Teksten «What hath God wrought» blei send frå Washington til Baltimore.

Prikkar og strekar

Veit du kvifor maratondistansen er akkurat 42 195 meter lang?

Hausten 490 f.Kr. slo atenarane persarhæren i eit stort slag ved Maraton i Hellas. Bodberaren Pheidippides løp så dei 42 kilometrane heim til Aten utan ein einaste pause. «Vi vann», stønna han fram, før han fall saman og døydde. Maratonløpet er til minne om han.
Det kan vere vanskeleg for oss å fatte kor langsamt nyheitene spreidde seg fram til midten av førre hundreåret. Til dømes slost amerikanske og engelske soldatar framleis ved New Orleans 8. januar 1815 fordi nyheita om fredsslutninga som var blitt underteikna før jul, enno ikkje var rokken fram til dei. Meldinga blei send frå London med seglbåt og brukte sju veker på turen.

Det var gjort mange forsøk på raskare kommunikasjon. Under Napoleonskrigane bygde det franske militæret ei kjede av signaltårn som kunne sende beskjedar ved hjelp av visuelle teikn. Dei kalla det telegraf, altså «fjernskrift». I marinen gjekk meldingane frå skip til skip med signalflagg. Aksjespekulantar og aviser brukte til og med brevduer.

Samuel Morse var i New York for å måle eit portrett da kona hans døydde i barnefødsel heime i Connecticut. Det triste brevet kom så seint at han ikkje rakk fram til gravferda. Han heldt fram med å måle, og lærte seg fotografering også, mens han grubla over korleis han kunne få til å sende signal gjennom leidningar ved hjelp av elektrisk straum.

Andre hadde allereie klart det. I Storbritannia blei ein innvikla elektrisk telegraf patentert i 1837. Han brukte fem leidningar og eit system av visarar for å overføre ein tekst. Det var denne telegrafen avisa «The Times» nytta da dei var på gata med nyheita berre ein time etter at dronning Victoria hadde fødd den andre sonen sin.

Det geniale ved det systemet Morse kom fram til, var programvara. Han fann ein måte å kode alfabetet til ulike kombinasjonar av korte og lange impulsar på, som hos mottakaren blei til prikkar og strekar på ei papirremse. Dermed blei det også mogleg å klare seg med éi leidning.

Etter mykje strev fekk han finansiert ein testkabel frå Washington til Baltimore. Da nyheiter frå eit partilandsmøte i 1844 kom fram ein time før dei som var sende med toget, snudde skepsis til begeistring. I 1850 var det allereie bygd 20 000 km telegraflinje i USA. 20 år seinare hadde dei auka til 200 000 km. Ei stund var linjene eigde av heile 500 konkurrerande selskap, men i 1870 hadde telegrafselskapet Western Union skaffa seg noko nær monopol.

Også det europeiske kontinentet blei hurtig tråkla saman med leidningar. Her var det vanleg at styresmaktene gjennom postvesenet eigde og opererte telegrafen. Fordi linjene måtte krysse landegrenser, fekk ein tidleg organisert eit internasjonalt samarbeid. I 1851 blei morsealfabetet vedteke brukt i heile det europeiske telegrafnettet. Da den første sjøkabelen mellom Europa og USA blei lagt i 1866, var prikkane og strekane til Samuel Morse blitt standard over heile verda.

Nyheiter til sals

Da president Lincoln blei skoten og drepen i 1865, var ikkje telegrafkabelen mellom USA og Europa ferdig enno. Dampskipet til London hadde nettopp lagt frå kai da nyheita nådde avdelingskontoret til det britiske telegrambyrået Reuters i New York. Men agenten var ikkje rådlaus. Han leide like godt ein slepebåt, tok igjen dampskipet, og hadde nyheita for sal i London to timar før nokon andre.

Nyheita var blitt ei vare, og det var telegrafen som hadde gjort henne til det.
Det byrja under den meksikansk-amerikanske krigen. Fem aviser samarbeidde om å få bygd ei telegraflinje til fronten så det skulle bli lettare å få sendt nyheitene derfrå. Dei danna telegrambyrået Associated Press i 1851 og selte nyheiter til andre aviser.
AP skaffa seg også ein avtale med Western Union, som hadde monopol på telegraftenestene i USA, om at berre deira abonnentar skulle få bruke desse. Dette monopolet varte til godt inn på 1900-talet og gjorde det vanskeleg å starte nye aviser og nyheitstenester der.

I Frankrike tok nyheitsbyrået Havas i bruk den nye teknologien. Dei hadde levert nyheiter også før telegrafen kom, blant anna ved hjelp av brevduer. I 1840-åra starta tidlegare Havas-tilsette opp nye telegrambyrå i Storbritannia (Reuters) og Tyskland (Wolffs). Desse tre blei også dominerande i marknaden, men dei klarte ikkje å få eksklusive avtalar med telegraftenestene, som i Europa blei drivne av styresmaktene.

I dag er det AP (amerikansk), Reuters (engelsk), AFP (fransk), EFE (spansk) og DPA (tysk) som konkurrerer i den globale nyheitsmarknaden.

Når nyheita blei ei vare som skulle seljast, blei det ekstra viktig at ho var til å stole på. AP sette ein standard for sakleg og objektiv journalistikk som etter kvart spreidde seg i avisene som abonnerte på tenesta.

Fordi det var kostbart å sende eit telegram, forandra også stilen i nyheitsmeldingane seg. Blomstrande skildringar og eigne kommentarar frå journalisten blei kutta ut. Nyheitsmeldingane blei korte og konsentrerte, slik vi kjenner dei i dag.

Det blei også vanleg å samanfatte den viktigaste informasjonen i dei første setningane, i tilfelle sendinga skulle bli avbroten av tekniske problem eller sensur i eit land ho blei send gjennom. Denne måten å skrive på blei etter kvart standard i avisene, og fekk namnet nyheitstrekanten eller «den omvende pyramiden».

Fjernlyd

«Kvifor skulle noko menneske ønskje å nytte denne klumsete og upraktiske innretninga når han kan sende eit bod ned til telegrafkontoret og få ein tydeleg skriftleg beskjed send til kva storby som helst i Dei sameinte statane?»

Nei, sjefane i telegrafselskapet Western Union var slett ikkje interessert i å kjøpe det patentet dei var blitt tilbodne av kompanjongane Alexander Graham Bell og Gardiner Hubbard. Bell hadde funne opp telefonen, altså «fjernlyd» i motsetnad til telegrafens «fjernskrift», eit apparat som kunne sende tale gjennom leidningar over lange avstandar. 10. mars 1876 demonstrerte han den første telefonsamtalen.

Dei to kompanjongane sette i gang å strekkje leidningar på eiga hand. Det blei ein stor suksess. Etter berre ti år var det 150 000 telefoneigarar i USA. Bell Telephone Company bygde også ut linjer i andre land, saman med andre private og offentlege selskap. Rundt 1893 var Sverige det landet i verda som hadde tettast telefondekning. New Zealand, Sveits og Noreg låg også framfor USA.

Da Bells patent løp ut midt i 1890-åra, tok USA over leiinga. 6 000 telefonselskap spratt opp over heile landet. Bell og morselskapet AT&T (American Telephone and Telegraph) klarte ved hjelp av omsynslause forretningsmetodar å leggje dei fleste av dei under seg eller presse dei ut av bransjen. Da styresmaktene prøvde å bryte opp monopolet dei hadde skaffa seg, lanserte dei ein av dei sterkaste PR-kampanjane i historia, der dei i tusenvis av annonser argumenterte for at det var betre med eit «naturleg» monopol enn eit lappeteppe av ulike system. Dei vann fram med argumenta sine og fekk halde fram som eit regulert monopol heilt fram til 1980-åra.

I Noreg kom det første telefonanlegget mellom Oslo og Drammen i 1880. Men allereie det året Bell viste fram telefonen for første gong, hadde ein forretningsmann i Ålesund kjøpt med seg eit sett frå USA og monterte det mellom heimen og firmaet sitt. Det offentlege Telegrafverket tok etter kvart over dei private linjene i Noreg.

Det var ikkje opplagt med ein gong kva det nye mediet skulle brukast til. I Ungarn var det eit system som blei kalla Telefon Hirmondó som blei nytta til heimeunderhaldning, omtrent som radioen noko seinare. Det blei prøvd i USA også, men mislyktast. All forskinga på telegraf- og telefonteknologien kom seinare radioen og fjernsynet til gode. Nokre historikarar ser derfor på telefonen som «far til kringkastinga».

Heile verda i lomma

Det var ikkje kven som helst som kunne gå rundt med ein mobiltelefon i 1980-åra. Den lettaste modellen ein kunne finne til å byrje med, den norskproduserte Simonsen, veide 7,7 kg. Ein fekk han med ein ryggsekk, men dei fleste nytta han nok i bilen. Du synest nok den nye iPhonen er dyr, men denne måtte du ha bladd opp 30 tusenlappar for! Ikkje så rart kanskje at eigen mobiltelefon var eit statussymbol og eit lokkemiddel næringslivet brukte for å trekkje til seg dei beste jobbsøkjarane.

Vesle Noreg var heilt i framkant i den første fasen av utviklinga av mobiltelefonen. Japan var rett nok først med eit kommersielt automatisert mobilnett i 1979, men dei nordiske landa følgde hakk i hæl med systemet Nordisk MobilTelefoni (NMT). Systemet var analogt, og telefonane var store og tunge, men salet gjekk over alle forventningar. I 1988 var Noreg landet med høgast mobiltettleik i verda.

GSM var ein digital mobilteknologi som blei lansert i Finland i 1991. Telefonane blei mykje mindre, og det blei mogleg både å sende tekstmeldingar (SMS) og surfe på nettet (WAP), i tillegg til å snakke saman .

Tredje generasjon mobilnett (UMTS, også kalla 3G) blei lansert i Japan i 2001 og auka først og fremst farta på dataoverføringa. Det var nødvendig for å kunne bruke multimedieinnhaldet på nettet og overføre bilete og videoar frå kameraa som etter kvart blei vanlege på telefonane. Ikkje minst smarttelefonane, som for alvor tok av da Apple introduserte iPhone i 2007, hadde nytte av 3G. Men også 3G-nettet blei etter kvart ein flaskehals. No er fjerde generasjon mobilnett under utvikling. LTE-standarden blei først tilboden av TeliaSonera i Skandinavia.

Tekstmeldingar blei ein uventa suksess for teleselskapa. Den aller første blei send i 1992 med teksten «Merry Christmas». I 2010 blei det send 6.1 billionar meldingar i verda, eller så mange som 193 000 meldingar kvart sekund. Det blir arrangert meisterskap i teksting. Ei norsk jente sette verdsrekord i 2009.

Innan utgangen av 2012 vil det finnast like mange mobile einingar som innbyggjarar på jorda, ifølgje nettselskapet Cisco. Tre firedelar av desse finst i utviklingsland. Mobiltelefonane gjer det mogleg også for folk i land med dårleg utbygd infrastruktur å bli del av det som blir kalla den globale landsbyen.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale