Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
  5. YouTube utfordrar TV-bransjenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

YouTube utfordrar TV-bransjen

Videotenesta YouTube blei offisielt lansert i 2005. No utfordrar nettselskapet TV-bransjen.

I 2010 fylte YouTube fem år. Mykje har forandra seg i løpet av dei to åra som er gått sidan dette intervjuet blei laga. YouTube er ikkje lenger berre ei leikegrind for videoamatørar, men framstår no som ein profesjonell distributør av TV-innhald.

Ti år som endra verda

YouTube blei grunnlagt av Steve Chen, Chad Hurley og Jawed Karim i 2005. Berre ti månader etter kjøpte Google selskapet for nesten 11 milliardar kroner.

Jawed lasta opp den aller første videoen på YouTube 23. april 2005. Den heiter Me at the Zoo, varer 18 sekund og er sett over 9 millionar gonger. I løpet av få år har YouTube gått frå å vere eit leiketøy for videoamatørar til ei distribusjonsplattform for dei største produksjonsselskapa i verda. Saman med annan digital teknologi har YouTube endra måten vi konsumerer TV, film og video på.

Jamn utvikling

Gjennom åra har YouTube gjort større endringar på nettsidene sine:

  • Både struktur og oppbygning blir endra.
  • Innhaldet blir kanalisert og skreddarsydd ut frå det brukarane treng.
  • Du kan etablere din eigen kanal og abonnere på andre sine kanalar.
  • Nettsidene blir meir profesjonelle, og kvaliteten på innhaldet skal bli betre.

Overtar for TV

Også innan TV-distribusjon ser vi no tydelege teikn til teknologisk konvergens. Slaget om framtidas skjer på Internett. YouTube har som målsetting å bli plattforma for den neste TV-generasjonen, der nye smart-TV-ar er integrerte med Internett og Web 2.0. Målet er at det skal bli enklare for deg å finne fram til dei videoane du sjølv ønskjer å sjå.

YouTube kan bli ein sterk konkurrent til tradisjonelle norske distribusjonsselskap som Viasat og Canal Digital, og nye strøymetenester som Netflix og HBO.

I 2012 så 15 % av innbyggjarane i USA TV via Internett. Halvparten av collegestudentane i USA hadde ikkje vanleg TV. Også i Norgen ser Unge på TV på nettet via app'ar og søk på Google og YouTube, eller via dei nye strøymetenestene.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale