Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
  4. Internasjonal mediehistorieChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Internasjonal mediehistorie

Medieteknologien gjer det mogleg å spreie informasjon og kommunisere over landegrenser. Mediehistoria er derfor internasjonal, og viktig for å forstå den verda vi lever i i dag.

TV-opptak med dansere på  Windmill Theatre i London. Foto.
BBC gjer TV-opptak med dansarar på Windmill Theatre i London i 1935. Fjernsynsunderhaldning er i dag ei internasjonal handelsvare som påverkar måten menneske tenkjer og handler på verda over.

Då president Lincoln blei skoten og drepen i 1865, var ikkje telegrafkabelen mellom USA og Europa ferdig enno. Dampskipet til London hadde nett lagt frå kai då nyheita nådde avdelingskontoret til det britiske telegrambyrået Reuters i New York. Men agenten leigde like godt ein slepebåt og tok igjen dampskipet. Slik nådde nyheita fram til London.

I 1895 klarte den italienske fysikaren Guglielmo Marconis å sende trådlause radiosignal over ein distanse på heile tre kilometer. I 1901 lukkast han med den første transatlantiske trådlause overføringa. Slik blei det amerikanske og det europeiske kontinentet knytt saman, nyheitsmessig og kulturelt.

1964 lanserte den canadiske filosofen og medievitaren Marshall McLuhan teorien sin om den globale landsbyen. Han brukte omgrepet om ei framtid der menneske over heile verda blir eksponerte for den same kulturelle påverknaden. Internett og digitale plattformer har langt på veg gjort denne spådommen til verkelegheit.

Læringsressursar

Internasjonal mediehistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Propagandagalleriet

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff