Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MediehistorieChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Mediehistorie

Mediehistoria handlar om korleis menneske har tileigna seg informasjon og kommunisert med andre i ulike tidsepokar. Ho viser oss også korleis tilgang til ny teknologi er med på å endre samfunnet.

En gammel mann sitter i en stol er ser på er rødt plastikkfjernsyn. Foto.

Teknologihistoria fortel oss korleis tekniske løysingar for mediekommunikasjon er blitt til. Mediespesifikke formidlingskanalar som aviser, fjernsyn og radio plasserer seg mellom kjeldene og publikum, og styrer slik sett straumen av informasjon og kommunikasjon i eit samfunn. Mediehistorie er derfor meir enn historia til enkeltmedium. Ho handlar om alle media i eit samfunn på eit bestemt tidspunkt og korleis dei heng saman.

Teknologiske nyvinningar skaper nye rammer for formidling og kommunikasjon. I vår tid ser vi at maktbalansen i samfunnet endrar seg når dei som tradisjonelt har vore mottakarar av massekommunikasjon, kan gå inn i ei aktiv rolle som avsendarar.

Emner

Mediehistorie

  • Filmhistorie

    Filmhistoria handlar både om teknisk utvikling, utviklinga av filmspråket, og korleis film i ulike periodar er teken i bruk for å påverke dei som ser på.