Trudde du at alle modellar har perfekt hud og glitrande auge? I så fall får du ei aha-oppleving når du ser denne videoen. Reklamefotografering krev mykje forarbeid. Modellen skal sminkast og klede må tilpassast. Lyssetting er spesielt viktig for at modellen og produktet skal sjå best mogleg ut.
Digital biletbehandling
Videoen viser også kor mykje etterarbeid i Photoshop som ligg bak eit perfekt reklamefotografi.
Du kan når som helst stoppe videoen for å studere kva for verktøypalettar fotografen bruker for å oppnå den effekten han ønskjer. Prøv gjerne sjølv i Photoshop etterpå!