Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. MarknadskommunikasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon er kommunikasjon mellom ei bedrift og ein kunde. Marknadskommunika-sjon handlar om reklame, PR-verksem, marknadsføring og sal.

Mann med skilt der det står reclamare. Foto.

Eksempel på marknadskommunikasjon er:

  • Reklame
  • Informasjons- og samfunnsinformasjon (PR)
  • Direkte og indirekte marknadsføring/sal (DM)

Reklame

Reklame er betalt informasjon frå ein avsendar som let seg identifisere. Føremålet med reklame er både å informere om eit produkt og å skape eit behov eller ønske hos mottakaren som gjer at han eller ho faktisk kjøper produktet.

Informasjons- og samfunnskontakt

Omgrepet informasjons- og samfunnskontakt, eller Public Relation (PR), blir brukt om informasjonsaktivitet som har som føremål å fremje ikkje-betalt omtale av verksemda til bedrifta eller organisasjonen i media. Hovudhensikta er å fortelje kva avsendaren driv med og skape ei positiv haldning til verksemda blant folk flest.

Marknadsføring og sal

Marknadsføring og sal kan gå føre seg ved direkte kommunikasjon ansikt til ansikt. I kjøpesenter og på flyplassar møter du ofte personar som ønskjer å informere deg om eit bestemt produkt, og gjerne la deg prøve produktet før du gjer avtale om å kjøpe det. Slik kommunikasjon blir kalla salsfremjande tiltak.

Direkte og indirekte marknadsføring/sal er kommunikasjon ved hjelp av post, telefon, e-post eller Internett retta mot mottakarar i bestemte målgrupper. (Kjelde: Store norske leksikon)

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter