Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Avisannonsen

Ein annonse er ein betalt bodskap som blir gjengitt i ein trykksak eller i eit nettmedium. Ein kommersiell annonse reklamerer for varer eller tenester. Ei kunngjering har ein informativ funksjon.

mann leser avisannonser
På jakt etter eit godt tilbod eller ein ny jobb?

Kva er ein avisannonse?

Ein annonse er ein bodskap som det blir betalt for, og som blir publisert i trykksaker eller nettbaserte medium. Det er vanleg å skilje mellom kommersielle annonsar og kunngjeringar. Ein kommersiell annonse reklamerer for varer og tenester som er til sals. Stillingsannonsar og dødsannonsar er eksempel på kunngjeringar.

Kommersielle avisannonsar har eksistert så lenge vi har hatt aviser i Noreg. På 1800-talet brukte mange aviser meir plass på annonsar enn på redaksjonelt stoff. I dag finn vi mest annonsestoff i abonnementsavisene. Mange av desse avisene har også eigne reklamebilag eller innstikk som berre inneheld reklame.

Laussalsavisene VG og Dagbladet vender seg til avislesarar over heile landet og eignar seg derfor i mindre grad til kunngjeringar og annonsering av lokalt tilsnitt. Dagbladet har fått mykje kritikk for å tillate rubrikkannonsar for seksuelle tenester, som telefonsex eller besøk av omreisande prostituerte.

Rubrikkannonse eller heilside?

Alt som skal på trykk i ei avis, må tilpassast spaltebreiddene i avisa. Nokre avissider har fem spalter, andre seks. Avisannonsane kan variere frå små ein- eller tospaltarar (rubrikkannonsar) til store, heilsides oppslag. Prisen på ein avisannonse er avhengig av spaltebreidde, millimeterhøgde og kor i avisa annonsen skal stå.

Ein enkel avisannonse består ofte av eit bilete av eit produkt saman med ein tekst som fortel kva produktet kostar og kor ein kan få kjøpt det. Større annonsar inneheld meir forseggjorte reklamefotografi og lengre tekstar som forklarer kvifor vi må kjøpe akkurat dette produktet. Vekebladannonsar som er trykte på glansa papir, bruker som oftast profesjonelle bilete i høg oppløysing.

Dei fleste avisene har ei annonseavdeling som lagar enkle annonsar på oppdrag frå annonsørane. Større annonsar blir gjerne utforma av reklamebyrå, eller PR-avdelinga i bedrifta.

Helsides annonse
Bengt Berglund frå Oslo fridde til kjærasten sin ved hjelp av ein heilsides annonse i Dagbladets fredagsbilag. Ei slik heilside kostar 126.000 kroner. (PS: Berglund er marknadssjef i Dagbladet og fekk truleg rabatt! I tillegg fekk han ja på frieriet.)

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter