Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. Lag ein reklamefilm om mediefagChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Lag ein reklamefilm om mediefag

Det er ikkje alltid like lett å velje utdanningsprogram eller programfag. De skal no lage ein reklamefilm som gir andre elevar lyst til å velje faget Medie- og informasjonskunnskap.

Filmproduksjon

Tre elevar samarbeidar om produksjonen.

Filmen skal vere på maks. eitt minutt. Målgruppa er elevar i Vg1 på din eigen skule. Filmen skal ikkje innehalde tale, men ta gjerne opp bakgrunnslyd og legg på musikk i etterkant.

  1. Lag først eit kort manus og ein storyboard som viser dei scenene de vil ha med.
  2. Gjer opptak av scenene.
  3. Finn bakgrunnsmusikk.
  4. Rediger filmen i eit filmredigeringsverktøy og lagre han i eit format som kan lastast opp på YouTube eller Vimo.

NB! Dersom de ønskjer å publisere videoen på YouTube, må musikken vere rettigheitsklarert, og dei personane som er med i filmen, må gi samtykke til det.

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter