Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. ReklamekampanjarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reklamekampanjar

Ein reklamekampanje er ein samordna og tidsavgrensa marknadsføringsinnsats der ei bedrift eller eit reklamebyrå brukar mange ulike marknadsføringskanalar samstundes innanfor ein avgrensa tidsperiode.

Eksempel på kanalar som blir brukte i reklamekampanjar:

  • annonsering i trykte og nettbaserte medium
  • radioreklame
  • reklamefilmar og trailerar på kino, fjernsyn og nett
  • spesiell emballasje
  • lokkemiddel i form av tilleggsprodukt eller gevinstar
  • brosjyrar
  • reklameplakatar og foldarar
  • annonsedekor på bussar og drosjer
  • redaksjonell omtale – omdømebygging

Kampanjane knyter seg gjerne til ei spesiell hending (lansering av eit nytt produkt, å ta del på messer, eit jubileum eller liknande «event»). Ofte vil ein reklamekampanje innehalde ei tilbodspakke der distribusjonsledda også er med på prisreduksjonen.
(Kjelde: Birger M. Vikøren, reklamekampanje. (2011-10-24) I Store norske leksikon. URL-adresse: http://snl.no/reklamekampanje)

Sosiale medium i marknadsføringa

Mange bedrifter satsar aktivt på å bruke sosiale medium som kanalar i reklamekampanjar. Pizzaen Grandiosa har eiga vennegruppe på Facebook. Eit av dei meste vellukka reklametriksa er å få forbrukarane til å publisere eigne reklamefilmar for produktet på YouTube.

Eksempel: Reklamekampanjen for Pizza Grandiosa

Pizza Grandiosa. Foto.
Emballasjen er ein viktig del av ein reklamekampanje.

Produktnettside. Her finner du også lenke til Facebook-sida

Forbrukergenerert reklamefilm for Grandiosa

Eksempel på lokkemiddel

Eksempel på redaksjonell produktomtale Favorittpizzaen til folket drar på årene

Offisiell reklamefilm:

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter