Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. Politisk reklameChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Politisk reklame

Føremålet med politisk reklame er å påverke haldningar og åtferd. Politisk propaganda er medviten manipulering av tankar og kjensler ved hjelp av sterke verkemiddel.

valgplakat
Oslo FrP brukte Stoltenberg sin 22. juli-parole om "mer demokrati, mer åpenhet" på valplakatane sine før kommunevalet i 2011.

Ikkje-kommersiell reklame

Føremålet med politisk reklame er å påverke haldningar til politiske spørsmål, eller få mottakaren til å gjere det ein ønskjer, for eksempel røyste på eit bestemt politisk parti. Politisk reklame er, i motsetnad til vanleg reklame, stort sett ikkje-kommersiell, men liknar meir på haldningskampanjar (sjå verkstaden Informasjonstenesta).

Informasjon eller propaganda?

I samband med stortingsval og lokalval får dei fleste av oss postkassa full av brosjyrar som fortel kva for saker dei ulike partia brenn for. Reklameplakatar for politiske parti blir slått opp overalt. I norsk politikk er det mindre fokus på enkeltpersonar enn for eksempel i amerikansk politikk. Der er det vanleg med svære plakatar som viser glamourbilete av politiske kandidatar. I Noreg fokuserer valplakatane meir på parti og ideologiske standpunkt.

Plakatane nedanfor reklamerer for Kristeleg Folkeparti, Unge Høgre og Sosialistisk Ungdom. Kva er bodskapen, og kva verkemiddel er brukte for å formidle denne bodskapen?

Politisk informasjon er viktig i eit demokrati. Vi må vite kva dei partia og personane vi skal røyste på, står for. Men i nokre samanhengar blir den politiske bodskapen så einsidig at vi omtalar politisk reklame som propaganda. Propaganda er "medviten manipulering av folk sine kjensler og tankar ved hjelp av sterke verkemiddel for å fremje bestemte oppfatningar og handlingsmønster". (Kjelde: Store norske leksikon.)

Nedanfor ser du ein NS-plakat frå perioden 1940–45 og ein sovjetisk plakat som framstiller den politiske leiaren Lenin på 1920-talet. Vil du kalle desse plakatene politisk reklame, eller er det propaganda?

Forbod mot politisk TV-reklame

I USA bruker partia mykje pengar på politisk reklame på dei store TV-kanalane. Sjå TV-reklame for Barak Obama i 2008: YES WE CAN. Andre land har vore skeptiske til å la dei økonomiske ressursane til partia prege valkampen på tilsvarande måte.

Den norske kringkastingslova tillet i utgangspunktet ikkje reklame for livssyn eller politiske bodskapar i fjernsyn. Både NRK og TV 2 har i staden fokus på redaksjonell dekking av valkampen der alle politiske grupperingar kjem til orde, men slik at dette speglar av den oppslutninga partia har i folket. Politisk reklame er likevel lov i radio og i audiovisuelle bestillingstenester på nett.

Politisk kommunikasjon i sosiale medium

Sosiale medium er i dag det viktigaste mediet for politisk kommunikasjon og reklame i Noreg. Bodskapen blir spreidd viralt kvar gong nokon "liker" eller kommenterer ein valvideo på Facebook. Her er eit eksempl på ein valvideo for Miljøpartiet Dei Grøne hausten 2017:

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter