Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. ReklameplakatenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reklameplakaten

Ein reklameplakat er sett saman av fleire element. Bileta har often ein appellativ funksjon, mens teksten gjerne er meir informativ. Teksten avgrensar korleis vi kan tolke bileta i reklamen.

Reklameannonse for Lerum eplemost
Reklameannonse for Lerum eplemost

Ein samansett medietekst

Ein reklameplakat er som oftast sett saman av fleire element. Reklamen for Lerum saft består av minst to ulike fotografi. Bakgrunnsbiletet viser "saftbygda Lerum". I forgrunnen ser vi eit fotografi av produktet (saftkartongen) omgjeve av friske eple. Nedst i høgre hjørne er det plassert ein illustrasjon i form av ein logo.

I tillegg er det brukt fleire ulike tekstelement: ein informerande tekst nedst, ein kort tekst som utdjupar logoen, og to "bobletekstar". Den eine bobleteksten peiker på det som er nytt ved produktet, den andre har meir form av eit slagord.

Teksten forankrar bileta

Eit bilete kan vi tolke på mange måtar. I ein reklame er det vanleg å leggje til ein tekst som utdjupar bodskapen. Teksten avgrensar måten vi kan tolke biletet på. Derfor seier vi at teksten forankrar biletet.

Bilete appellerer til kjenslene våre. Tekstelement har ofte ein meir informativ funksjon.

Komposisjon, fontar og fargar

På reklamen for Lerum saft er saftkartongen plassert midt i biletet. Ingen skal vere i tvil om kva for produkt plakaten reklamerar for. Biletet av produktet har vi på netthinna neste gong vi går i butikken og vel kartongar frå safthylla.

Bruk av fargar og fontar (skrifttypar) er nøye planlagt.

  • Kva for fargetonar er brukte i Lerum-reklamen?
  • Kvifor er desse fargane valte?
  • Kvifor er det brukt ein spesiell font i bobletekstane?

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter