Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. Kva er reklame?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er reklame?

Reklamen gjer oss medvitne om behov vi eigentleg ikkje visste at vi hadde, og fortel oss deretter korleis bestemte varer eller tenester kan tilfredsstille desse behova.

Reklame for tulipaner

Kva er reklame?

Ordet reklame kjem av det latinske ordet reklamare som tyder «å rope ut». Reklame er eit viktig hjelpemiddel for ein produsent som ønskjer å selje ei vare eller ei teneste. Reklame skil seg frå andre medietekstar ved at sendaren har betalt for å få formidla bodskapen sin. Derfor gjer dei fleste medium mottakarane merksame på kva som er redaksjonelt innhald, og kva som er reklame.

Vi som bur i Noreg, har tilgang til mange produkt som er nesten like. Kor mange ulike typar tannkrem står i hyllene i nærbutikken din? Kor mange ulike jeans har du å velje mellom der du handlar klede? Når utbodet er så stort, er det i første rekkje reklamen som utgjer forskjellen på om eit produkt blir lagt merke til eller ikkje. Reklamen gir produktet ein tilleggsverdi. Tannkrem gir oss ikkje berre reine tenner, men også ein ring av sjølvtillit!

Reklamen bruker ulike mediekanalar for å nå ut med bodskapen sin til potensielle kundar. Måten reklamen er utforma på, er viktig, anten vi snakkar om en reklameplakat, ein reklamefilm eller ein radioreklame. Det er dramaturgi, eller iscenesettinga, i reklamen som gjer bodskapen attraktiv for kunden.

Verkar reklame?

Produsentane bruker mykje pengar på reklame. Derfor er det viktig å vite om reklamen verkar, om han har ein effekt. Ein måte å undersøkje effekten på er å sjekke om dei som bruker mykje pengar på reklame, faktisk sel meir. Ein meir forskingsbasert metode blir brukt av produsentar som driv med marknadsdsundersøkingar. På vegner av oppdragsgivarane sine ringjer dei rundt til eit stort utval personar for å sjekke kva for produkt folk kjenner til og kjøper.

Alle produkt du betaler for i butikken, har ein strekkode. Det du kanskje ikkje veit, er at når ekspeditøren skannar denne strekkoden, går informasjon om varekjøpet ditt direkte til eit byrå som analyserer kva for varer som sel. Det fortel korleis vi som forbrukarar oppfører oss.

Ulike former for reklame

  • Produktreklame
    Produktreklame fortel om eigenskapane til produktet og korleis det kan brukast. Det blir reklamert for ulike produkt i alle medium, anten ope eller skjult. Skjult reklamering kallar vi produktplassering. Dette er stadig vanlegare i spelefilmar, TV-seriar, musikkvideoar og teikneseriar.
  • Direktereklame
    Reklame som blir levert direkte i postkassa eller via telefon, aukar i omfang. Det er mogleg å reservere seg mot slik direktereklame, men mange aviser tilbyr annonsørar å leggje ved eigne annonsebilag som innstikk. Slik omgår ein reservasjonen til kunden.
  • Utandørsreklame
    Lysreklamar, reklamesøyler, reklame på bilar og bussar, veggflater osv. er eksempel på utandørsreklame. Kanskje går du sjølv også rundt som ein levande reklameplakat med klede som reklamerer for sitt eige produktnamn?
  • Personleg reklame
    Informasjon om bruk av Internett og sosiale nettverk har ført til at reklamen i dag ofte vender seg direkte til kunden, skreddarsydd for deg og dei interessene du har. Ei viktig inntektskjelde for Facebook er blant anna å selje vidare informasjon om profilen din til aktuelle annonsørar.

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter