Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. ReklamefotografietChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reklamefotografiet

Føremålet med reklamefotografiet er å spreie informasjon eller promotere sal. Eit reklamefotografi kan promotere både personar og produkt. Produktbilete kan ha fokus på form eller korleis produktet blir brukt.

motebilde
Føremålet med motebildetet er å vise fram klede og tilbehør. (Fotograf: Victoria Nevland, elev Vennesla videregående skole)

Bilete som sel

Reklamefotografering dreier seg stort sett om fotografering av stilleben (bilete av oppstilte gjenstandar) til katalogar og anna reklamemateriell. Føremålet er at produktet skal framstå på ein lekker og tydeleg måte. I tillegg er det vanleg å fotografere “produktet i bruk”. Eit eksempel er bilete av ein modell som har på seg dei kleda som det blir reklamert for.

Det overordna målet for eit reklamefotografi er å spreie informasjon eller promotere sal. Eit vellykka reklamefotografi er kort fortalt eit reklamefotografi som ”verkar”. Det vil seie at det blir lagt merke til og kommuniserer bodskapen til riktig målgruppe på ein klar og tydeleg måte. For å få til dette bør fotografiet

  • vere utforma frå ein original idé
  • ha ei estetisk-tidsriktig form, gjerne med ei menneskeleg eller humoristisk vinkling
  • vere fototeknisk godt. Her skal det være kvalitet gjennom heile prosessen – dvs. i opptakssituasjonen, motiv og kommunikasjon og til slutt i etterbehandlinga.

Eksempel på bodskapar i reklamar kan vere at “vår parfyme luktar veldig godt”, “desse buksene har flott fasong” eller meir alvorlege bodskapar som f.eks. “Hugs bilbelte – nokon er glad i deg”.

Produktfotografering

Nokre bilete har fokus på produktet si form, andre har fokus på produktet i bruk. Ved fotografering av stilleben må produktet visast tydeleg og framstå som delikat. God lyssetting er viktig.

Bilete som viser eit produkt i bruk, er ofte meir kreative, f.eks. ein snikkar i arbeid med den nye hammaren sin eller ei jente på joggetur med den nye iPoden sin.

Les meir om motefotografi les meir

Føremålet med eit motebilete er hovudsakleg å vise fram klede med tilbehør, som regel ved bruk av modell. Ein underkategori er “glamour photography”, der fokuset ligg meir på å framheve modellen. Det er vanleg å fotografere både i studio og utandørs på “location”. Verkemiddel kan vere kreativ lyssetting, kreative poseringar og god blikkontakt.

Les meir og sjå eksempel: presentasjon av eit produkt: les meir
Reklamefotografi mat

Bileta skal presentere produktet på ein elegant og delikat måte. Bileta blir som regel tekne i studio, og produkta er ofte lyssette ovanfrå og fotografert med kameraet rett på eller skrått ovanfrå. Hugs å gå nær på motivet ditt – bileta er ofte tette og med liten djupskarpleik.

Eksempel på kosmetikkprodukt:

Reklamefotografi kosmetikk
Reklamefotografi kosmetikk. Fotograf. Tom Knudsen.
Les meir og sjå eksempel: arkitekturfotografi: les meir
Arkitekturfotografi. Fotograf: Tom Knudsen.
Eksempel på arkitekturfotografi. Fotograf: Tom Knudsen.

Arkitekturfotografi er bilete av et menneskeskapt byggverk. Det kan vere eit hus eller ein del av eit hus. Hensikta er å vise korleis byggverket ser ut. Fotografen skal dokumentere bygget for oppdragsgivaren sin, f.eks. arkitekten, som seinare kanskje skal bruke bileta til å vise kva han eller ho har tenkt, den “arkitektoniske intensjonen”.

Oppdragsgivaren kan også vere ein eigedomsmeklar som skal selje huset. Det er vanleg å skilje mellom interiørfotografi (bilete frå innsida av bygget) og eksteriørfotografi (bilete av fasaden eller utsida).

Promotering av personar

Eit reklameportrett skal presentere og “selje” personen, og er derfor mest brukt av modellar, skodespelarar og musikarar.
Les meir og sjå eksempel på portrettfotografering:

les meir
Reklameportrett laget av Marte Honnemyr, elev ved Vennesla videregående skole.
Reklameportrett laga av Marte Honnemyr, elev, Vennesla videregående skole.

Personen blir ofte presentert med bilete av ansikt og kropp. Her brukar ein verkemiddel som hard lyssetting, god blikkontakt og kreativ posering. Som regel er bileta tekne i eit fotostudio.

Reklameportrett musiker. Fotograf: Tom Knudsen
Reklameportrett musikar. Fotograf: Tom Knudsen

Musikarportrett er berekna på sal og promotering av eit band eller enkeltartistar. Bileta blir ofte brukte som ein del av ein plakat, plateomslag/-hefte, portrett eller på nettet. Det blir ofte brukt “sterke bilete” med ”impact”, kreativ posering, god bildekomposisjon og integrering av tekst eller andre grafiske element. Bileta kan vere tekne i studio eller på location.

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter